Kommunal planstrategi
Samfunnsdelen til kommuneplanen 2022 - 2034
Handlingsdel, økonomiplan og årsbudsjett
Arealdelen til kommuneplanen
Områdeplanar
Årsmeldingar
Begrepsdefinisjon
Plansystemet til kommunen
Kommunal planstrategi
Prioriteringar og satsingar vert styrte av Planstrategien for Øygarden kommune 2020 - 2023 .
Kommunal planstrategi er heimla i plan- og bygningslova (§10-1), og skal utarbeidast minst éin gong kvar valperiode. Føremålet med den kommunale planstrategien er å prioritera kva planoppgåver kommunen bør starta opp eller vidareføra, for best å møta behova til kommunen.
Planstrategien er basert på kommunen sine strategiske val for samfunnsutviklinga, samt nasjonale og regionale føringar.
Samfunnsdelen til kommuneplanen 2022 - 2034
Samfunnsdelen til kommuneplanen er det viktigaste verktøyet for å styra kommunen vår, og handlar om korleis vi skal utvikla tenestene og legga til rette for god samfunnsutvikling. Den inneheld langsiktige mål som fortel oss kva retning vi ønsker å utvikla oss i, og strategiar som viser kva vi må gjera for å nå måla våre.
Kommunestyret vedtok samfunnsdelen til kommuneplanen for Øygarden 2022-2034 den 24. mars 2022. Vedteken samfunnsdelen erstattar samfunnsdelen til kommuneplanen i tidlegare Sund (2018-2020) og samfunnsdelen til kommuneplanen i tidlegare Øygarden (2014-2022).
Samfunnsdelen til kommuneplanen 2022 - 2034
Arealdelen til kommuneplanen arealdel skal følgja opp samfunnsdelen.
Arealdelen til kommuneplanen for tidlegare Fjell, Sund og Øygarden gjeld som tre sidestilte overordna styringsdokument for den nye kommunen frå 1. januar 2020. Ny rullert arealdel skal vedtakast av kommunestyret.
Kva inneheld arealdelen?
Bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader i heile kommunen styrt med plankart, føresegn og retningslinjer.
- Vedlegg B og C: Planomtale og føresegner (PDF, 4 MB)
- Vedlegg D: Prosess og medverknad (PDF, 3 MB)
- Vedlegg E: Matrise, samandrag, vurderingar og endringar av merknader til planframlegget (2014) (PDF, 6 MB)
- Vedlegg I: Landskapsanalyse 2013 (PDF, 8 MB)
- Vedlegg A: Plankart (PDF, 8 MB)
- Vedlegg F: Dialog regionale instansar (PDF, 4 MB)
- Vedlegg G: Oversikt endringar i føresegnene etter høyring (PDF, 2 MB)
- Vedlegg H: Konsekvensutgreiing og risiko- sårbarheitsanalyse 2014 (PDF, 7 MB)
- Vedlegg J: Kartlegging av nærturterreng 2013 (PDF, 9 MB)
- Vedlegg K: Temakart (PDF, 6 MB)
- Vedlegg L: Vurdering av kulturmiljø 2014 (421 MB)
- Saksdokument og protokoll (PDF, 651 kB)
Kommunedelplan areal
Områdeplanar
Årsmeldingar
Årsmeldinga er kommunedirektøren sin presentasjon av kva for tenester kommunen har produsert, grad av måloppnåing og årsrekneskap. Meldinga er primært retta mot politikarane, men skal også fungera som eit informasjonsdokument for innbyggjarane i kommunen, næringsliv og andre interesserte.
Begrepsdefinisjon
Arealdelen til kommuneplanen er ein oversiktsplan som viser hovudtrekka av korleis areala i kommunen skal brukast og vernast, og kva som må takast omsyn til ved disponering av areala for å oppnå måla for den ønska samfunnsutviklinga. Arealdelen omfattar arealkart, føresegner og planskildring med konsekvensutgreiing og risiko- og sårbaranalyse. Arealdelen til kommuneplanen er bindande for framtidig arealbruk, og vedteken plan skal leggast til grunn for vidare planlegging og forvalting.
Fag- og temaplanar omfattar planar som handlar om kommunen sine tenesteområde eller særskilte tema. Fag- og temaplaner er ikkje nødvendigvis planar etter plan- og bygningslova og treng ikkje handsamast etter lova sine prosessreglar. Nokre av planane er lovpålagte etter sektorlovar, medan andre vel kommunen å utarbeida sjølv. Eksempel på fag- og temaplanar i Øygarden kommune er handlingsplan for rusomsorg, plan for skulehelsetenesta og plan for informasjonstryggleik.
Kommuneplanen skal ha ein handlingsdel som viser korleis vedtekne planar skal følgjast opp med tiltak. Handlingsdelen gjev grunnlag for kommunen sine prioriteringar av ressursar, planleggings- og samarbeidsoppgåver, og konkretiserer tiltaka innanfor kommunen sine økonomiske rammer. Det er vanleg å slå saman kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplanen. Kravet om handlingsdel er nedfelt i § 11-1 og § 11-4 i plan- og bygningslova.
Interkommunalt plansamarbeid inneber at to eller fleire kommunar samarbeider om planoppgåver. Gjennom interkommunalt plansamarbeid kan planoppgåver som går på tvers av kommunegrensene løysast, og kommunane kan utnytta felles kompetanse. Plan- og bygningslova har eigne reglar om interkommunalt plansamarbeid som kommunane kan bruka om det er ønskeleg.
Dokument der det nye kommunestyret ut frå kommunen sine utfordringar tek stilling til om kommuneplanen skal reviderast eller ikkje, og om det er andre viktige planoppgåver som skal prioriterast i kommunestyreperioden. Kommunestyret skal vedta kommunal planstrategi seinast eitt år etter at det er konstituert. Heimla som krav i § 10-1 i plan- og bygningsloven.
Kommunen har ansvar for å ta i vare både lokale, regionale og nasjonale omsyn og interesser i planlegginga.
Ein kommunedelplan kan utarbeidast for eit geografisk område, eit tema eller for eit tenesteområde, og er i planlova tenkt som ei utdjuping av kommuneplanen. Planen følgjer same lovverk som arealdelen til kommuneplanen. Kommunedelplaner for ein del av kommunen sitt areal vert vedtatt med rettsverknad.
Alle kommunar skal ha ein samla kommuneplan som omfattar samfunnsdel med handlingsdel og arealdel som dekkjer heile kommunen sitt areal. Heimla som krav i § 11-1 i plan- og bygningslova.
Ein kommuneplanprosess er ein planprosess som følgjer prosessreglane for kommuneplanlegging i plan- og bygningslova. Kommunen må ha fylgt prosessreglane for å kunna vedta kommuneplanen. Prosessreglane er:
- Planoppstart skal varslast.
- Det skal lagast eit planprogram som vert lagt ut til høring og offentleg ettersyn i minst seks veker før kommunen fastset det.
- Forslag til kommuneplan skal leggjast ut til høring og offentleg ettersyn i minst seks veker. Vedtatt kommuneplan skal kunngjerast.
Kommunestyret har ansvaret for den kommunale planlegginga og skal sørgja for at plan- og bygningslova vert fylgt i kommunen. Kommunestyret skal vedta kommunal planstrategi, kommuneplan, kommunedelplanar og reguleringsplanar. Kommunen organiserer arbeidet med den kommunale planlegginga, og opprettar dei utvala og treff dei tiltaka som er nødvendige for gjennomføring av planlegginga. Kommunestyret skal sikra at kommunen har tilgang til nødvendig planfagleg kompetanse.
Medverknad inneber at befolkning, næringsliv og organisasjonar skal få høve til å komma med innspel og synspunkt når det vert utarbeidd planar etter plan- og bygningslova. Etter § 5-1 i plan- og bygningslova har alle som utarbeidar og fremjar planforslag plikt til å leggja til rette for medverknad, særleg for grupper som elles ikkje så lett kjem til orde i planprosesser, t.d. barn og unge. Det er viktig å tilpassa opplegget til planoppgåva, slik at det ikkje vert lagt opp til medverknad om spørsmål det i realiteten er vanskeleg å medverke om.
Dersom det i ein arealplan fremja av kommunen er konflikt med nasjonal eller regional interesse, kan fylkeskommunen eller berørt statleg mynde fremja motsegn. Motsegn inneber at kommunen ikkje kan vedta arealplanen med endeleg rettsverknad. Motsegn kan fremjast til kommuneplanen sin arealdel, kommunedelplan for areal, eller reguleringsplan.
Gjev ei oversikt over interesser og oppgåver regjeringa meiner det er viktig at fylkeskommunane og kommunane fokuserer på i planlegginga for å bidra til gjennomføring av gjeldande nasjonal politikk. Skal etter § 6-1 i plan- og bygningslova vedtakast ein gong kvart fjerde år.
Staten har gjennom stortingsmeldingar og rundskriv lagt ei rekkje nasjonale mål for planlegginga i kommunar og fylke. Måla gjeld mange samfunnsområde, og kan for eksempel i arealplanlegginga stå i konflikt med kvarandre.
Program for korleis planprosessen skal gjennomførast og kva hovudspørsmål planarbeidet skal ta opp. Kommunen bestemmer sjølv innhaldet i planprogrammet. Planprogrammet skal leggjast ut til høyring og offentleg ettersyn i seks veker, og fastsetjast av kommunestyret. Kommunestyret kan delegera denne mynda etter kommunelova.
Kommuneplanlegginga er eit viktig verktøy for det lokale folkestyret og kommunen som organisasjon og samfunn. Gjennom planlegging kan ein leggja til rette for ønskt samfunnsutvikling, arealforvalting og tenesteproduksjon. For å få eit enkelt og godt kommunalt plansystem må det vera ein samanheng mellom kommunen sine ulike planar. Det må vera ein raud tråd frå kommuneplanen via fag- og temaplanar til handlingsdel med økonomiplan.
Mål som vert vedteke av fylkestinget som planmynde. Vert vedteken gjennom regionale planar.
Fylkestinget er regional planmynde etter plan- og bygningslova og skal vedta regional planstrategi og regionale planar.
Møteplass for å klarleggja statlege, regionale og kommunale interesser i arbeidet med regionale og kommunale planar. Vert administrert av fylkeskommunen.
Gjer greie for viktige regionale utviklingstrekk og utfordringar, og avklarar kva spørsmål som skal takast opp gjennom regionale planar i fylkestingsperioden. Skal vedtakast av fylkestinget.
Rullerande kommuneplanlegging inneber at kvart kommunestyre i starten av kommunestyreperioden går gjennom den gjeldande kommuneplanen og tek stilling til om den skal reviderast eller ikkje. Dette vert gjort gjennom vedtaket av den kommunale planstrategien.
Denne rulleringa av kommuneplanen vert ofte kalla fireårshjulet. I tillegg går "årshjulet" med årleg rullering av handlingsdel med økonomiplan, årsbudsjett og årsmelding/rekneskap og tertialrapportar.
Samfunnsdelen er verktøyet for den heilskaplege planlegginga i kommunen, og for strategisk overordna styring. Gjennom arbeidet med samfunnsdelen skal kommunen vektleggja viktige utfordringar knytt til samfunnsutvikling, og synleggjera dei strategiske vala kommunen tek. Spesielt viktig er dette for sentrale samfunnsforhold som vekst og utvikling, folkehelse, miljø, barn og unge, integrering, samferdsle og næringspolitikk.
Kommuneplanen skal vidare synleggjera utfordringar, mål og strategiar for kommunen som tenesteleverandør og organisasjon.
Ein strategi skal synleggjera og avklara prioriterte satsingsområder og verkemiddelbruk innanfor eit tema eller eit fagområde. Det er ingen formelle krav til prosess og medverknad. Eit strategidokument vert ofte nytta til meir intern bruk, og har ingen formell status utover kommunalt vedtak med politiske prioriteringar.
Kommunestyret skal etter § 44 i kommunelova ein gong i året vedta en rullerande økonomiplan. Økonomiplanen skal omfatta minst dei fire neste budsjettår, omfatta heile kommunen si verksemd og gje ei realistisk oversikt over sannsynlege inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden.
Plansystemet til kommunen
Kommuneplanlegginga er eit viktig verktøy for det lokale folkestyret og kommunen som organisasjon og samfunn. Gjennom planlegging kan ein leggja til rette for ønskt samfunnsutvikling, arealforvalting og tenesteproduksjon. For å få eit enkelt og godt kommunalt plansystem må det vera ein samanheng mellom kommunen sine ulike planar. Det må vera ein raud tråd frå kommuneplanen via fag- og temaplanar til handlingsdel med økonomiplan.
Tidlegare kommuneplanar
- Vedlegg B og C: Planomtale og føresegner (PDF, 4 MB)
- Vedlegg D: Prosess og medverknad (PDF, 3 MB)
- Vedlegg E: Matrise, samandrag, vurderingar og endringar av merknader til planframlegget (2014) (PDF, 6 MB)
- Vedlegg I: Landskapsanalyse 2013 (PDF, 8 MB)
- Vedlegg A: Plankart (PDF, 8 MB)
- Vedlegg F: Dialog regionale instansar (PDF, 4 MB)
- Vedlegg G: Oversikt endringar i føresegnene etter høyring (PDF, 2 MB)
- Vedlegg H: Konsekvensutgreiing og risiko- sårbarheitsanalyse 2014 (PDF, 7 MB)
- Vedlegg J: Kartlegging av nærturterreng 2013 (PDF, 9 MB)
- Vedlegg K: Temakart (PDF, 6 MB)
- Vedlegg L: Vurdering av kulturmiljø 2014 (421 MB)
- Saksdokument og protokoll (PDF, 651 kB)