Aktuell informasjon

Bildøyna/Sotra Kystby

Kommunedelplanen skal leggje til rette for at Bildøyna vert ein del av ei vestleg utviding av regionsenteret Straume. Målet er å skape ein heilskapleg, sjøvend kystby med levande bumiljø, arbeidsplassar, kulturtilbod, servicefunksjonar og grøne kvalitetar. Den overordna målsettinga om sjøvending er at Straume skal gjenskapa vestlandstradisjonen med ein aktiv sjøfront i kommunesenteret.

Planen gjev i hovudsak føringar for arealet på Nordre Bildøyna, og har avsett dette til sentrumsføremål. Det er sett krav til utarbeiding av tre områdereguleringsplanar.

Dokument