Om oss

Frå storby til storhav

Øygarden, det moderne og pulserande øysamfunnet vestom Bergen, har om lag 39 800 innbyggjarar og er den nest største kommunen i Vestland fylke. Det er om lag 2 800 tilsette i Øygarden kommune.

Kommunen representerer eit område prega av sterk folkevekst, eit raskt veksande bustad- og industriområde og eit innhaldsrikt kommunesenter på Straume, Sotra Kystby. Arealet på 315 kvadratkilometer er samansett av mange hundre store og små øyar som etter kvart er bundne saman av ei rekkje bruer.

Sotrabrua, som bind kommunen saman med Bergen, har for liten kapasitet til møta den forventa veksten i åra som kjem. I 2021 starta arbeidet med eit nytt fastlandssamband. I Øygarden finn du store ilandføringsanlegg for olje og gass på Stura og Kollsnes. Kystbasen CCB og Ågotnes Industriområde er Vest-Noregs viktigaste senter for service og forsyningstenester til olje- og gassverksemda i Nordsjøen. Andre industri- og næringsområde er lokalisert på Skaganeset, Straume, Ågotnes og Kollsnes (næringspark). Dei store industrianlegga har bidrege til eit mangfald av industri, teknologi og service knytt opp mot olje og gass. Andre viktige næringar i Øygarden er fiskeri og havbruk og handel.

Kollage med bilete frå næring i Øygarden - Klikk for stort bilete

Vekstkommunen i vest

Øygarden er ein nærings- og tilflyttingsvennleg kommune, og menneske og verksemder trivst og vert verande. Dei kommunale tilboda er der folk bur. I Øygarden kommune er det 14 kommunale og 17 private barnehagar. Vi har 16 kommunale barneskular og fire ungdomsskular. Det eín privat barne- og ungdomsskule i kommunen. I tillegg kjem kulturskule, vaksenopplæring og tilrettelagt undervisningstilbod. Innan 2025/2026 skal Sotra vidaregåande skule på Bildøyna erstattast med ein ny moderne vidaregåande skule på Straume.

Helse og velferd

Helse og velferd i Øygarden kommune er samansett av mange ulike tenester. Eldreomsorg, sosiale tenester og tenester til menneske med nedsett funksjonsevne er sentrale. I tillegg kjem aktivitetstilbod til ulike grupper. Flyktningteneste, tenester innan rus og psykisk helse, friskliv og meistring er andre viktige tenester innan tenesteområdet til Helse og velferd. I helseområdet på Straume finn du mellom anna Øygarden lokalmedisinsk senter som mellom anna rommar legevakt.

Kollage med bilete frå oppvekst i Øygarden. - Klikk for stort bilete

Kultur og fritid

I Øygarden finn du eit mangfaldig foreinings- og kulturliv med idrettsanlegg, symjebasseng og fotballbaner, lokale kulturbygg, kystkultursenter og åtte kyrkjer. Alt dette legg til rette for kulturelle møtestader og sosiale nettverk.

Øygarden har tre museum knytt opp mot Museum Vest; Nordsjøfartsmuseet i Telavåg, Fjell festning og Kystmuseet i Oen. Øygarden har eit rikt og mangfaldig idrettstilbod. Dei siste åra er det bygd opp gode idrettsanlegg og bygg på Rong, Steinsland og på Straume. Sotra Arena er lagt til rette for landskampar i handball.

Naturen byr på rekreasjon og gode opplevingar, med lyngheiar og svaberg, blenkjande vatn og ope hav. Her kan du fiska frå land, dykka og rafta, padla, ro eller segla, vandra i strandkanten eller klatra i bratte fjellsider. I det kuperte terrenget finn du turløyper på kryss og tvers. Nordsjøløypa er rydda og merka gjennom heile kommunen. Har du båt, kan du leggja til mellom holmar og skjær, nyta solnedgangen og den gode stilla. Det vakre landskapet er lavt med havet i vest og Hjeltefjorden i aust. Lyngheiane og bergknausane er vakre å sjå til, mot det blå havet i vest. Du kan også finna våtmyrer og fine skogsstiar.

Vi ønskjer leggja til rette for at det er godt å både bu og arbeida i Øygarden kommune. 

Kollage med bilete frå kultur og fritid i Øygarden. - Klikk for stort bilete