Opplæring
Kommunen tek sikte på å gje alle kommunetilsette tilbod om kurs og rettleiing i nynorsk språkbruk. For saksbehandlarar bør slike kurs vera obligatoriske. Tilsette i skulen og barnehagane skal gjerast kjende med dei lokale tilhøva når det gjeld språkformer, dialektar og lokal kultur.
Hjelpemiddel
Dei tilsette skal nytta den elektroniske ordboka til Universitetet i Bergen og Språkrådet. Dei tilsette må søkja sakkunnig hjelp i målspørsmål. Dei enkelte fagetatane skal gjera seg kjende med den nynorske terminologien på fagfelta sine. Sjefane har ansvar for å følgja opp dette.
Nynorskmateriell
Kommunen skal syta for at skilt, skjema, tabellar, blankettar, kvitteringshefte og liknande som vert brukte i kommunen, er på nynorsk og i samsvar med dei vedtekne offisielle namneformene. Alt skriftleg tilfang som vert nytta i skulen, i barnehagane og tenestestadene elles, skal vera på nynorsk så langt råd er. Dette gjeld også presentasjonar (PowerPoint) som vert nytta i interne og eksterne møte. Rapportar, planar og anna skriftleg materiale som Øygarden kommune har tinga frå eksterne aktørar, bør i utgangspunktet vera skrivne på nynorsk. Nettsider, sosiale medium og andre digitale plattformer som er knytte til tenestestadene skal ha nynorsk målform.
Alle tilsette skal følgja med på at departement og andre statsorgan - både lokale, regionale og sentrale - tek omsyn til dei språklege rettane kommunen har og følgjer reglane i språklova om bruk av nynorsk. Dersom reglane ikkje vert følgde opp, skal Øygarden kommune påtala dette. Vi skal også vera ein pådrivar for å få meir nynorskmateriell frå KS (fellesorganisasjon for kommunane), private samarbeidspartar og leverandørar. Øygarden kommune skal også arbeida for at digitale læremiddel vert tilgjengeleg på nynorsk. Landssamanslutninga av nynorskkommunar er ein naturleg samarbeidspart i dette arbeidet.
Barnehagar og skular
Mykje av grunnlaget for talemålet til borna blir lagt i barnehagane og skulane. Det er difor viktig at dei tilsette på desse stadene er ekstra medvitne om språkbruken.
Skuleadministrasjonen og rektorane skal gjera dei tilsette kjende med det følgjande utdraget frå opplæringslova § 2–5 første til tredje ledd:
Kommunen gir forskrifter om kva målform som skal vere hovudmål i dei enkelte skulane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmålform dei vil bruka.
I den munnlege opplæringa avgjer elevane og undervisningspersonalet sjølve kva for talemål dei vil bruka. Undervisningspersonalet og skuleleiinga skal likevel i størst mogleg grad ta omsyn til talemålet til elevane i ordval og uttrykksmåtar.
Foreldra vel målform i lærebøkene til elevane til og med 7. årstrinnet. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv. I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på hovudmålet.
Også dei tilsette i barnehagane må ta omsyn til dette. Dei kommunale skulane som ikkje har nynorsk som hovudmål, skal nytta nynorsk som administrasjonsmål. Det er eit mål for Øygarden kommune å motverka målbyte frå nynorsk til bokmål.
Digitale programvarer
Kommunen skal så langt det let seg gjera sikra at all digital programvare er tilgjengeleg på nynorsk. Der faglege argument gjer at ein må velja ei programvare utan nynorsk brukargrensesnitt, skal kommunen gjera produsenten, og eventuelt relevante interesseorganisasjonar, merksame på ønsket om parallellversjon, slik at alle relevante aktørar kjenner til behovet. Dette gjeld like sterkt der ei programvare ikkje finst på korkje bokmål eller nynorsk, berre engelsk.
Tilsetjingar
Ved utlysing av ledige stillingar skal det stå at administrasjonsspråket er nynorsk. Dette skal også understrekast undervegs i tilsetjingsprosessen. God skriftleg kompetanse i nynorsk er eit viktig tilsetjingskriterium og skal etterspørjast i alle kommunale jobbutlysingar.
Stadnamn
Byggjefelt, vegar og andre lokalitetar skal ha lokale namn og namn som byggjer på den lokale språktradisjonen. Alle slike namn må skrivast rett, og uttalen må vera i samsvar med dialekten. Sjå også lov om stadnamn frå 18. mai 1990 som gjev reglar for fastsetjing av skrivemåten for stadnamn, og heimesida til Øygarden kommune der dei offisielle stadnamna er lista opp.
Samarbeid med næringsdrivande
Kommunen vil arbeida for å få til eit samarbeid med dei næringsdrivande i kommunen om å driva god språkrøkt i lysingar, skilting og anna marknadsføring.
Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Kommunen er medlem i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interne tiltak som har til formål å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd.