Aktuell informasjon

Ågotnes (2013-2024)

Kommunedelplan for Ågotnes (2013-2024) har som mål å utvikla og styrkja Ågotnes, både som sentrum nr 2 i kommunen (lokalsentrum) og som regional-, nasjonal- og internasjonal næringsklynge. Detaljplanar og tiltak skal leggja til rette og framheva natur- kultur og kystlandskapet på Ågotnes.

Planen gjev føringar for framtidige trafikkløysingar på tre nivå: hovudveg, lokalveg og gang- og sykkelveg. Vidare set planen rammer for ei heilskapleg utvikling av sentrumsområdet slik at Ågotnes skal vert ein god og attraktiv møtestad i Nordre Fjell.

Dokument

Her finn du planar og prosjekt under arbeid