Veteranar, veterankontakt og veteranplan

Øygarden kommune verdset, tek i vare og følgjer opp veteranane, både under og etter internasjonal teneste for Noreg. Planen skal sikra god samhandling internt i kommunen og medverka til at veteranar og familiar blir møtt med forståing og rett kompetanse.

Kommunen er open for å sjå på veteranane som ein ressurs, og nytta den kompetansen som veteranar har, der det er naturleg. - Kommunen skal gjera det enkelt for veteranar og andre å finna informasjon om tenestetilbod i regi av kommunen og aktuelle organisasjonar for veteranar og familiane deira.

Her kan du lesa planen: 

Veteranplan 2026-2027 (PDF, 690 kB)

Veterankontakt

Øygarden kommune har ein eigen veterankontakt for spørsmål knytt til kommunen sitt tilbod til veteranar og familiane deira.

Kontaktinformasjon:

Bjørn Andersen
Mobiltelefon: 906 56 836
E-post: bjorn.andersen@oygarden.kommune.no

Veterankontakten kan gje rettleiing og sørgja for at du får kontakt med rette fagpersonar i kommunen.