
Meir enn 500 nye innbyggarar i 2025
Ved utgangen av 2025 var 40 641 personar busette i Øygarden kommune, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). I løpet av året som gjekk auka folketalet med 536 personar (1,34 prosent). Dette er den høgaste veksten sidan Øygarden kommune vart etablert i 2020.
Les meir.
Føreslår skule for 150 elevar
Kommunedirektøren går inn for at ny skule i Skålvika vert dimensjonert for 150 elevar og at det vert bygd idrettshall tilsvarande volleyballhall. Kommunedirektøren går vidare inn for at skule skal stå ferdig i 2029 med oppstart av skuledrift frå hausten 2030. Det er lagt til grunn ei samla investeringsramme på 200 millionar kroner.
Les meir.
BUA slår alle rekordar
Det har aldri vore så travelt på BUA på Ågotnes som dei to første månadene i januar 2026. Så langt i år er det registrert nesten like mange lånarar som i heile 2025.
- Eg er kjempeglad for at eg fekk låna både ski, stavar og skisko, seier Oleksii Volkov (28). I løpet av januar og fram til 24. februar er det registrert 480 lånarar.
Les meir.
Fleire søkjer i Digitalarkivet
Stadig fleire søkjer i Digitalarkivet. Det gjeld også for Øygarden kommune. Kommunen vår har hatt 77 023 visningar av digitalisert materiale i 2025. I 2024 var det 71 659 visningar.
Les meir.
Glad for at første robustbustad er på plass
Like før helga fekk den politiske leiinga sjå nærare på den første monterte robustbustaden i Øygarden.
- Denne bustaden hadde ein god kvalitet og hadde ein standard som mange andre husvære i kommunen, seier ordførar Tom Georg Indrevik. Øygarden kommune har kjøpt fem robustbustader. Den første er montert i Klokkarvik-området nær ein del andre kommunale bustader.
Les meir.
Her kan du oppleva historia til Kunstkvalen
I 2017 vart verda skaka då bileta av gåsenebbkvalen full av plast vart spreidd rundt i heile verda. Kvalen som vart teken i land på Vindenes, måtte avlivast. No kan du sjå utstilling med måleri og skulpturar av plastkvalen på rådhuset og seinare på innbyggartorget og biblioteket.
Les meir.
Ny app og ny operatør for elsparkesyklar
Frå 1. mars 2026 kjem det ei rekkje endringar for mikromobilitet i Øygarden kommune. Frå den datoen har det svenske selskapet Voi har fått løyve til å drifta elsparkesyklar i Straume-området. Frå sundag er også ein ny app, Feilparkeringsappen, tilgjengeleg.
Les meir.
Styrkjer kollektivtilbodet i helgane
Dei som skal reisa kollektivt mellom Øygarden og Bergen om laurdagane vil få utvida rutetilbod. Skyss styrkjer rutetilbodet om laurdagane på linjene 441, 442, 450, 459, 465 og 479. Det utvida tilbodet med fleire avgangar og hyppigare frekvens vert gjennomført fortløpande utover våren og seinast gjennomført i løpet av dette halvåret.
Les meir.
Ønskjer fleire kandidatar til Tilgjengeprisen
Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) har utsett fristen for å melda inn kandidatar til Tilgjengeprisen til 1. april.
- Det skal vera låg terskel for å koma med forslag, seier Lisbeth Hjortland og Christel Borge Bersaas-Nesse i RFF.
Les meir.
Ein lærerik dag på alternativ opplæringsarena
I Øygarden kommune har vi tre alternative opplæringsarenaer. Det er Leitet Gard, Ulveset-tunet og TAM (Trivsel, aktivitet og meistring). På desse tre plassane jobbar det vaksne med glede, interesse og klokskap i møte med elevar som nokre gonger kan oppleva at den vanlege skuledagen kan bli krevjande.
Les meir.
Invitasjon til å vera medarrangør i ferietilbod til barn og unge
Øygarden kommune søkjer etter lokale aktørar som vil tilby aktivitetar til barn og unge i sommarferien 2026 (veke 26-27) - i tillegg til andre feriar i skuleåret 2026/2027.
Les meir.
Kommunen er ikkje råka av datainnbrot så langt
Telia Norge har hatt eit datainnbrot som har ført til at store mengder data har hamna på det mørke nettet. Øygarden kommune har i dag fått stadfesta frå leverandør Telia at det så langt ikkje er identifisert innhald som råkar kommunen vår.
Les meir.
Tilskot til aktivitetstiltak for eldre
Helsedirektoratet har lyst ut 70 millionar kroner til aktivitetstiltak for eldre som ein del av eldreløftet til regjeringa.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (09)
- 23.02.: Interne møte
Besøk Øygarden lokalmedisinske senter - 24.02.: Status barnevernet
- 26.02.: Eigarmøte Øygarden bustadforvaltning KF
Møte om Safe Choice - 27.02.: AU Høgre
Ordføraren neste veke (10)
- 02.03.: KS Strategimøte (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
- 03.03.: Innbyggjarmøte Rong
- 04.03.: Dialog med SAFT Klokkarvik
- 05.03.: Møte om båtrute til/frå Geitanger
Opning av prosjekt Snill er kult
Ringedugnad Krafttak mot kreft
Møte med SAFE Choice - 06.03.: Omvising på Straume, Råd for menneske med nedsett funksjonsevne (Vestland
fylke
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (09)
- 23.02.: Interne møte
- 24.02.: Status barnevern
Styremøte Det vestnorske teateret - 26.02.: Eigardialog Øygarden bustadforvaltning KF
Samtale om Safe Choice - 27.02.: Teater: Dylanselskapet
Varaordføraren neste veke (10)
- 02.03.: Interne møte
Administrasjonsutvalet
KS Strategimøte (KS: fellesorganisasjon for kommunane) - 03.03.: Strategikonferanse KS Vestland
- 04.03.: Møte med SAFT, Klokkarvik
- 05.03.: Møte om båtrute til/frå Geitanger
Opning Snilt er kult
Møte med Safe Choice