No er ustillinga plassert på rådhuset. Om ei tid vert han plassert på innbyggartorget og biblioteket, Frå venstre; Ove Gudding, Kenneth Bruvik, Tom Georg Indrevik og Bjørn E. Sissener.For kunstnar Kristin Krogh Sissener vart funnet av plastkvalen eit vendepunkt. Nokre dagar etter nyheitene sat ho i atelieret sitt med penslane i handa, fylt av sterke kjensler. Utan å planleggja det, tok penselsstrøka form, og eit nytt kunstverk vart til. Eit bilete av ein kva, ein kunstnarisk refleksjon av lagnaden til plastkvalen. Slik vart Kunstkvalen fødd.
Kenneth Bruvik som i mange år har kjempa for miljøet og ein rein kyst, har laga til to mindre treskulpturar av plastkvalen.
- No skal denne utstillinga stå her i Øygarden kommune i ein månad. Så vandrar kunstkvalen vidare til alle dei 42 andre kommunane i Vestland før ringen vert slutta med utstilling her i Øygarden. Målet med dette er at vi skal ha fokus på reinare natur og at vi må ta vare på den vakre naturen vår, seier Bruvik.
Ordføraren skal etter utstillinga her utfordra neste kommune til å ta imot utstillinga. Kvar ordførar signerer på treskulpturen.
- Då kan vi stå saman her når ringen er slutta, seier ordføraren som legg opp til at utstillinga flyttar til innbyggartorget og biblioteket etter han er vist fram på rådhuset.
Treskulpturar laga av Kenneth Bruvik.Aksjonen tek form
Biletet måla av Kristin Krogh Sissener vart hengjande i atelieret, inntil ein dag då miljøentusiast Ove Gudding kom på besøk. Han vart straks gripen av uttrykket til Kunstkvalen og spurde om å få låna biletet til ei utstilling i samband med Hold Norge Rent-konferansen i Stavanger.
Ove bygde ein eigen stand med Kunstkvalen som midtpunkt, og inviterte Kristin med på konferansen. Etter arrangementet ønskte Ove å kjøpa biletet, med mål om å auksjonera det bort til inntekt for plastrydding langs norskekysten.
Hausten 2025 kom Bjørn E. Sissener med ideen om å visa biletet til Kenneth Bruvik – kjent miljøforkjempar – for å utforska korleis Kunstkvalen kunne bidra endå meir. Møtet fann stad i lokalet til Framtidshavet, der ein idédugnad tok form.
Kenneth hadde nyleg laga ein kval i nøttetre, skapt av rekved funne under ein ryddeaksjon. Saman la dei tre planane for to nye prosjekt; Vandrekvalen og Kunstkvalen
Målet var å skapa engasjement og samla inn midlar til plastrydding.
- Prosjekta er no i gang, og dei første midlane har allereie komme inn til Framtidshavet. Arbeidet med plastrydding er i full gang. Målet er å halda dette i gang i lang tid framover, seier Kenneth Bruvik.
Tekst og foto: Vigleik Brekke