Fleire søkjer i Digitalarkivet
Stadig fleire søkjer i Digitalarkivet. Det gjeld også for Øygarden kommune. Kommunen vår har hatt 77 023 visningar av digitalisert materiale i 2025. I 2024 var det 71 659 visningar.
Ill.fotoKvart år får kommunen tilsendt visningsstatistikk over talet visningar av materiale som er publisert til Digitalarkivet. Interkommunalt arkiv i Hordaland (IKA Hordaland) opplyser at mest populær visning på Digitalarkivet frå Øygarden kommune er møtebok for formannskapet og kommunestyret 1917-1925 med 1 436 visningar.
Digitalarkivet presenterer arkivmateriale i digital form. Du kan søkja i strukturerte data og digitaliserte fotografi, lesa fulltekstavskrifter, bla i skanna bilete, sjå videoar og/eller høyra digitalisert lyd. Digitalarkivet er ope for alle og gratis å ta i bruk.
Fjell, Sund, Herdla og Hjelme kommune er knytt til Øygarden kommune på Digitalarkivet.
Ver merksam på at det berre er arkiv som er eldre enn 100 år som er publisert fritt.
Dei digitaliserte arkiva kan ein sjå via lenke her eller QR-koda;
Søk etter skanna arkiver - Skanna arkiver - Nasjonalarkivet
QR-kode
Publisert 27.02.2026 15.05