Robustbustaden i KlokkarvikØygarden kommune har kjøpt fem robustbustader. Den første er montert i Klokkarvik-området nær ein del andre kommunale bustader. Om kort tid flyttar den første bebuaren inn i bustaden.
- Dette er eit tilbod til dei som har størst utfordringar. Vi har ei samfunnsplikt til å tilby slike bustader. Eg er svært glad for at den første robustbustaden no er klar for innflytting, seier Tom Georg Indrevik.
Dei som fekk sjå den første robustbustaden gav uttrykk for at bustadene er fine, store og at her kan ein oppleva å vera i eigen heim. Bustaden er ikkje møblert. Dette er noko bebuaren gjerne kan skaffa sjølv eller få hjelp til.
Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, dagleg leiar i Øygarden bustadforvaltning KF Nina Glesnes, avdelingsleiar i bustadtenesta Maria Yndestad, Ørjan Espevoll (Øygarden bustadforvaltning KF) og einingsleiar i forvaltning og støttetenester Monica Førde Landro.Ørjan Espevoll i Øygarden bustadforvaltning KF viser oss rundt i den 55 kvadratmeter store bustaden som har romsleg opphaldsrom med stove og kjøken, bad og soverom. Bustadene er levert av Djønne Modul.
- Bustaden er sett saman av to brakker og heist på plass på ein grunnmur. Det er gjennomført ein del ekstra tryggleikstiltak som ekstra robuste stikkontaktar, høgtrykk sprinkelannlegg, ekstra sluk og ekstra sterke vegger, dørar og vindauge. Behovet for slike bustader er stort, seier Ørjan Espevoll.
Øygarden kommune arbeider no med å få utplassert dei fire siste robustbustadene.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke