Tilskot til aktivitetstiltak for eldre

Helsedirektoratet har lyst ut 70 millionar kroner til aktivitetstiltak for eldre som ein del av eldreløftet til regjeringa.

Ill. Tre damer som trener - Klikk for stort bileteIll.foto

Målet er å fremja fysisk og sosial aktivitet, og å gje fleire eldre høve til å delta og bidra i frivillig arbeid. Tilskotsordninga er ein del av eldreløftet til regjeringa. Ordninga skal gje fleire eldre høve til å delta på aldersvenlege møteplassar og vera frivillige i fellesskapet. Ho skal også støtta aktivitetsgarantien i Bo trygt heime-reforma og motverka einsemd. 

Målgruppa er eldre personar, både med og utan behov for kommunale tenester. Med eldre meiner dei først og fremst personar frå 60 år, særleg dei som er pensjonistar.

Tilskotet kan blant anna gå til:

  • Organisert aktivitet med lokal forankring som gjev fysisk aktivitet, livslang læring, sosiale møteplassar og kulturelle tilbod der eldre både er målgruppa og dei frivillige.
  • Nye og etablerte tilbod. Etablerte tilbod kan få tilskot dersom de planlegg å auka omfanget eller aktiviteten frå det nivået de har når de sender søknaden.
  • Transport i frivillig regi, og transport av deltakarar til og frå aktivitetar som er ein del av tiltaket.
  • Enkle fysiske utbetringar av lokale når utbetringane er nødvendige for å gjennomføra aktivitetane det er søkt om.


De kan lesa meir om tilskotsordninga og finne lenkje til søknadsskjema her:
Aktivitetstiltak for eldre - Helsedirektoratet

Frist for å søkja er 27. mars 2026

Øygarden kommune ønskjer fleire og meir varierte tilbod til eldre i kommunen. Vi oppmodar lag og organisasjonar til å søkja på ordninga. Kommunen kan vera ein aktuell samarbeidspartnar. 

Kulturkontoret kan hjelpa dykk i søknadsarbeidet. Ta kontakt med kultursjef Marian Guddal Hansen marian.hansen@oygarden.kommune.no i god tid før fristen dersom de ønskjer rettleiing.