Meir enn 500 nye innbyggarar i 2025
Ved utgangen av 2025 var 40 641 personar busette i Øygarden kommune, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). I løpet av året som gjekk auka folketalet med 536 personar (1,34 prosent). Dette er den høgaste veksten sidan Øygarden kommune vart etablert i 2020.
Foto: ColourboxVeksten dette året kom først og fremst av innanlandsk nettoinnflytting på 326 personar. Også fødselsoverskotet på 136 personar og nettoinnvandring på 62 personar bidrog til folkevekst i 2025.
Øygarden kommune består av 66 grunnkrinsar, og folketalet har auka i 49 av desse i løpet av 2025. Talet på innbyggarar har auka mest i grunnkrinsane Storhilleren-Straume og Arefjord-Brattholmen-Snekkevik. Målt i prosent er det Fjereide som har hatt størst vekst. Her har folketalet auka med heile ni prosent, frå 74 til 81 personar i løpet av fjoråret.

Folketalet i Øygarden auka altså med 1,34 prosent i 2025. Til samanlikning auka folketalet i Bjørnafjorden med 1,6 prosent (411 personar). I både Bergen og Alver auka folketalet med 0,4 prosent, medan Askøy hadde ein folkevekst på 0,7 prosent.
Tekst: Kristina Espeseth
Foto: Colourbox
Publisert 27.02.2026 09.02