Ein lærerik dag på alternativ opplæringsarena

I Øygarden kommune har vi tre alternative opplæringsarenaer. Det er Leitet Gard, Ulveset-tunet og TAM (Trivsel, aktivitet og meistring). På desse tre plassane jobbar det vaksne med glede, interesse og klokskap i møte med elevar som nokre gonger kan oppleva at den vanlege skuledagen kan bli krevjande. 

Her er ein av dei tre fine torskane. - Klikk for stort bileteHer er ein av dei tre fine torskane.

Om ein er elev på ein av gardane eller på TAM, så er ferdigheiter som blir etterspurt å fora sauane, greia garn, sløya fisk, tenna bål eller kanskje sjå til at kaninane har det dei treng av tørr og rein spon, nok mat og friskt vatn. Dette vesle pusterommet i ei skuleveke, kan gjera at resten av dagane kan gå. 

Saman med forskarar frå HVL (Høgskulen på Vestlandet) og UiB (Universitet i Bergen) vert det no samla inn data på kva effekt slike tiltak som dette har for dei unge seinare i livet. Det som i alle fall er sikkert, er at det her og no har stor verdi for dei som får vera med på ein av dei tre alternative opplæringsarenaene. 

Eg fekk sist veke ein fabelaktig dag saman med vaksne og elevar på TAM. Ein av elevane lærte ein noko engsteleg landkrabbe som meg, trygt og stødig å styra båten. Eg fekk vera med og trekkja garn. Opp av sjøen kom tre fine torskar som berre etter 15 minutt låg på panna over bålet og vart til den beste lunsjen eg har smakt. Raud i kjaken og med mange fine inntrykk frå ein fin dag på TAM, sette eg beina på kaien på Møvik. 

Takk for turen til elevar og vaksne på TAM!

Fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tekst: Ranveig Bungum
Foto: Privat