Ny app og ny operatør for elsparkesyklar

Frå 1. mars 2026 kjem det ei rekkje endringar for mikromobilitet i Øygarden kommune. Frå den datoen har det svenske selskapet Voi fått løyve til å drifta elsparkesyklar i Straume-området. Ein ny app, Feilparkeringsappen, er tilgjengeleg frå sundag.

El-sparkesykkel - Klikk for stort bileteIll.foto Christoph Beidenhauser

Det svenske selskapet Voi Technology Norway AS har fått løyve til å drifta opp til 200 køyretøy på Straume.

Kva endrar seg på Straume?  

1.    Det er no mogleg å melda frå om feilparkerte elsparkesyklar i feilparkeringsappen. 

Appen er tilgjengeleg i både App Store og Google Play. Når du melder frå, får utleigefirmaet varsel, og Øygarden kommune står på kopi. Slik kan kommunen følgja med på parkeringssituasjonen, både i enkelttilfelle og det større biletet. 

Bruk av appen er gratis og anonym. Meir informasjon om korleis du lastar ned og brukar feilparkeringsappen finn du her: 
Google Play Store: Feilparkering
Apple App Store

Her er informasjon om elsparkesyklar i Øygarden.

2.    Kommunen følgjer med på situasjonen på Straume. 

Det er førebels ikkje faste parkeringssoner på Straume. Kommunen har likevel innført geogjerde som viser kvar det er lov å parkera og kvar det er parkering forbode. Desse gjeld rundt Straume terminal og i park-, grønt- og friluftsområde. Det er også regulert ei saktesone i gågata i Straume sentrum. 

Kommunen kan etablera faste parkeringssoner på kort varsel og vil leggja til slike soner når det er behov. 

3.    GetOn har avslutta drifta si på Straume.  

Det er ikkje lenger mogleg å leiga elsparkesykkel frå dette firmaet. 

For brukarane av delt mikromobilitet blir det meste som før: 

1.    Brukarane av elsparkesyklar må framleis følgja trafikkreglane i vegtrafikklova. 
2.    Det er like viktig som før å parkera ryddig og ta omsyn til at andre trafikantar treng plass. 
3.    Det er framleis nattestenging for utleige av elsparkesyklar mellom kl. 24.00 og kl. 05.00. 

Kva med kommunedelsentera? 

Det kom ikkje inn søknader om løyve til drift av elsparkesyklar i kommunedelsentera. Det kan verta aktuelt å prøva ut pilotordningar i eit avgrensa tidsrom og omfang, men kommunen vil i så fall varsla om dette på førehand.