Utleigefirmaet Voi Technology Norway AS har fått løyve til å drifta 200 elsparkesyklar på Straume frå 1. mars 2026 til 29. februar 2028. I samband med oppstarten av løyveperioden har kommunen innført nye system for å melda feilparkering og for bruk av geogjerder. Desse systema gjer at kommunen kan ta ei meir aktiv rolle i oppfølginga av køyring og parkering av delingskøyretøy på offentleg grunn.
På denne nettsida finn du informasjon om korleis du melder frå om feilparkering, kvar geogjerdene går, og korleis du kan kontakta kundeservice til Voi Technology Norway AS.
Rapportering av feilparkerte elsparkesyklar
Du kan bruka appen Feilparkering for å melda frå om feilparkerte sparkesyklar. Når du sender inn ei melding, får driftsteamet til utleigefirmaet varsel, og kommunen får kopi.
Last ned appen
Appen er anonym, gratis og enkel å bruka.
Slik kan du feilregistrera i appen:
Parkering
Vis omsyn når du parkerer.
Rundt kjøpesenteret, Sotra Arena og Straume terminal er det oppmerket parkeringssoner. Delte elektriske sparkesyklar kan parkerast innanfor de oppmarkerte linjene.
Utanfor de oppmarkerte område kan du parkere på gang- og sykkelveg, fortau eller gågate så lenge sparkesykkelen ikkje er til hinder eller ulempe for andre. Det betyr at køyretøy ikkje skal stå i vegen for dei som syklar eller går. Du må også parkere slik at sykkelen ikkje er til hinder for personar med ulike behov, til dømes rullestolbrukarar eller personar med nedsett syn.
- Parkering på fortau skal som hovudregel skje inn mot husvegg.
- Heile køyretøyet skal stå heilt inntil veggen, utan mellomrom. Det skal alltid vera minst 2 meter fri gangbreidd att på fortauet.
Andre krav
- Minst 2,5 meter frå ledelinjer for personar med funksjonsnedsetjing
- Køyretøyet skal stå i flukt med den indre fortauskanten, sett på langs eller med ubetydelig skråstilling
- Framhjulet skal plasserast mot husvegg eller veiskulder
Under tvil
Under tvil kan parkering vera godkjend dersom elsparkesykkelen står innerst på eit breitt og oversiktleg fortau der fotgjengarar har god plass til å passera.
- å parkera på fortau som er smalare enn 2 meter
- å setja køyretøyet ved fortauskantstein
- å bruka sykkelstativ til elsparkesyklar
- å setja køyretøyet midt på fortauet
- å parkera på open plass der køyretøyet hindrar ferdsel
Reglar for bruk av elsparkesykkel
Både for private og utleigde elsparkesyklar gjeld dei same trafikkreglane. Ei fullstendig oversikt finn du på nettsidene til Statens vegvesen, men her får du dei viktigaste punkta i korte trekk:
Aldersgrensa for å køyre elsparkesykkel er 12 år. Hugs at utleigeføretaka kan ha høgare aldersgrense, til dømes 16 eller 18 år.
Barn under 15 år har påbod om å bruke hjelm, men vi tilrår at alle gjer det. Det er stor skilnad på kor mykje ein kan skade seg med og utan hjelm.
Det er forbode å køyre elsparkesykkel dersom du er påverka av alkohol eller andre rusande eller bedøvande middel. Den alminnelege promillegrensa på 0,2 gjeld også her.
Utleige av el-sparkesyklar er stengt mellom kl. 24.00 og 05.00.
Kontaktinformasjon
Utleigefirma
Per i dag er det eitt utleigefirma som set ut elsparkesyklar i Straume: det svenske firmaet Voi Technology Norway AS. Du kan kontakta dei direkte gjennom kundeservicen deira:
Øygarden kommune
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Øygarden kommune på e-post mikromobilitet@oygarden.kommune.no
Kart over parkeringssoner på Straume (geogjerder)
Kommunen har oppdatert eit oversiktskart med geogjerder og soner i Øygarden kommune. Geogjerder er digitale område med eigne reglar. Dei skal bidra til at elsparkesyklar ikkje vert sette frå seg i naturområde, og at dei ikkje hindrar andre trafikantar.
Lover og reglar