Føreslår skule for 150 elevar

Kommunedirektøren går inn for at ny skule i Skålvika vert dimensjonert for 150 elevar og at det vert bygd idrettshall tilsvarande volleyballhall. 

Noverande skulebygg i Skålviga - Klikk for stort bileteDet tidlegare skulebygget i Skålvika.

Kommunedirektøren går vidare inn for at skule skal stå ferdig i 2029 med oppstart av skuledrift frå hausten 2030. Det er lagt til grunn ei samla investeringsramme på 200 millionar kroner.

I saka går det fram at det er kome inn fleire innspel om å byggja ein idrettshall i handballbanestorleik. Ei kostnadsvurdering viser at prosjektet ligg over den økonomiske ramma, og økonomi vil difor vera avgjerande i det vidare arbeidet.

Saka vert lagt fram til orientering og eventuell uttale i levekårsutvalet den 4. mars. Saka vert endeleg behandla i plan- og miljøutvalet før utlysing av konkurranse. Dersom det vert lagt føringar utover økonomiske rammer, må saka behandlast i formannskapet og kommunestyret før utlysing.

Namn på skulen

Namnet på den nye skulen er ikkje endeleg avklart. Endeleg namneval vert lagt fram for behandling i neste møte i namneutvalet.

Levekårsutvalet skal også behandla sak om ny organisering av SFO og ferie-SFO og forslag om mellombels endring av alkohollova i samband med fotball-VM.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.