Ønskjer fleire kandidatar til Tilgjengeprisen

Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) har utsett fristen for å melda inn kandidatar til Tilgjengeprisen til 1. april.
- Det skal vera låg terskel for å koma med forslag, seier Lisbeth Hjortland og Christel Borge Bersaas-Nesse i RFF.

Lisbeth Hjortland og Christel Borge Bersaas-Nesse i foajeen på rådhuset. - Klikk for stort bileteLisbeth Hjortland og Christel Borge Bersaas-Nesse i RFF vil ha fleire kandidatforslag til Tilgjengeprisen.

Det er RFF som avgjer kven som skal få Tilgjengeprisen. Formålet med prisen er å gjera alle miljø tilgjengeleg for menneske med nedsett funksjonsevne. I kriteria vert det lagt til grunn eit utvida omgrep av universell utforming. Det handlar om tilgjenge til bygningar, informasjon, kultur, friluftsliv, idrett, familie, vener, kollega, nærmiljø og serveringsstadar.

I den nye kommunen er det delt ut to prisar sidan 2020. I 2021 gjekk prisen til Liaskjæret Båthamn, medan det var Sotra United som fekk prisen i 2024.

- Desse to døma viser ein fin breidde. I 2021 handla det først og fremst om fysisk tilrettelegging for universell utforming. I prisen til Sotra United er det lagt til grunn eit utvida omgrep av universell utforming. Det var eit godt døme på inkluderande tiltak, seier Lisbeth Hjortland som er leiar i RFF.

Prisen kan gå til enkeltperson, organisasjon, bedrift eller offentleg etat har gjort ein særs verdifull innsats for å betra tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne i lokalmiljøet eller kommunen. På nettsida til Øygarden kommune er det lista opp ulike kritierium for å få prisen.

- Det er ikkje slik at alle kriterium må vera oppfylte for å kunna fremja kandidat til prisen. Når du tar deg ein tur rundt om i nærmiljøet, sjå gjerne ekstra etter om du ser gode døme på at det er lagt til rette for god inkludering eller fysisk universell utforming. Når det gjeld dette er det nok rett å seia at her har kommunen ein del å gå på, seier Christel Borge Bersaas-Nesse.

Tilgjengeprisen for 2024 gjekk til Sotra United. Prisen vart delt ut på kultur- og idrettsgallaen i mars 2025. - Klikk for stort bileteTilgjengeprisen for 2024 gjekk til Sotra United. Prisen vart delt ut på kultur- og idrettsgallaen i mars 2025.

Fristen for å koma med kandidatar til Tilgjengeprisen er altså utsett til 1. april. Rådet vil finna høveleg tid og stad for å overrekkja prisen.

- Vi oppmodar folk om å senda inn forslag til kven som fortener prisen. Det kan gjerne vera gode døme på tilrettelagde møteplassar. I ein annan kommune gjekk denne prisen til eit tiltak der maten var tilpassa for alle. Du treng ikkje vera medlem i ein organisasjon for å koma med forslag, seier Lisbeth Hjortland. 

Her kan du enkelt senda inn kandidatforslag til Tilgjengeprisen.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke