Tilgjengepris

Tilgjengeprisen er ein årleg pris som vert delt ut av Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Øygarden kommune. Prisen vert delt ut på det tidspunkt rådet ser det mest tenleg.

Forslag til kandidat

Framlegg til kandidatar, med grunngjeving, skal sendast til Øygarden rådhus, Postboks 184, 5342 Straume, på e-post til postmottak@oygarden.kommune.no eller elektronisk skjema.

Innspel til kandidat

Framlegget må gje ei tydeleg skildring av innsatsen til kandidaten.

Frist

Frist for framlegg til kandidat er 15. oktober.

Utdeling av pris

Kandidatane vert vurderte av Kommunalt råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF). Prisen er på kr. 5.000,- og eit kunstverk av ein lokal kunstnar.

Vinnar

Tilgjengeprisen blei ikkje utdelt for 2022.