Kommunen ikkje råka av datainnbrot så langt

Telia Norge har hatt eit datainnbrot som har ført til at store mengder data har hamna på det mørke nettet. Øygarden kommune har i dag fått stadfesta frå leverandør Telia at det så langt ikkje er identifisert innhald som råkar kommunen vår.

Ill.foto Pixabay

Telia arbeider vidare med å få full oversikt. Dersom nye opplysningar tilseier at Øygarden kommune likevel er råka av datainnbrotet, får kommunen melding om det straks.

Eit datainnbrot som eventuelt skulle få konsekvensar for oss vil også gjelda privatkundar som tidlegare hadde GET-abonnement.

Her er generell informasjon frå Telia om datainnbrot.