Invitasjon til å vera medarrangør i ferietilbod til barn og unge

Øygarden kommune søkjer etter lokale aktørar som vil tilby aktivitetar til barn og unge i sommarferien 2026 (veke 26-27) ) i tillegg til andre feriar i skuleåret 2026/2027.

Ungdomar på ei strand - Klikk for stort bileteIll. Mostphotos

Målet med tilbodet er å gje fleire barn og unge ein arena der dei kan delta i kulturelle, sosiale eller faglege aktivitetar, og skape gode ferieminne frå Øygarden.

Kriterium

  • aktiviteten skal vera tilpassa målgruppa 7-18 år
  • aktiviteten skal ha låg eller ingen deltakaravgift
  • arrangør står sjølv for påmelding og handtering av eventuell deltakaravgift

Vi prioriterer aktivitetar som er tilrettelagt for at alle skal kunne delta uavhengig av funksjonsnivå.

Tildelinga skjer etter ei heilskapleg vurdering av kvalitet og pris.

Elektronisk søknad

Ønskjer de å bidra kan de senda søknad her

Søk om å vera medarrangør til ferieaktivitetar

Søknadsfrist er 10. mars

Kontakt oss gjerne dersom du har spørsmål

Ved spørsmål ta gjerne kontakt med oss på e-post ung@oygarden.kommune.no