Tilbod og støtteordningar til pårørande
Her har vi samla lenker til nyttige ressursar og tilbod til pårørande, både lokalt og nasjonalt.
Det kan vere godt å møte andre i liknande situasjon. Her har vi samla ulike kurs og gruppetilbod for pårørande. Kursa gir kunnskap, støtte og høve til å dele erfaringar.
Kursoversikt
Som pårørande kan du ha rett på ulike støtteordningar. Her har vi samla aktuelle ordningar som kan gjelde i ulike livssituasjonar.
Oversikt over støtteordningar
Lurer du på korleis du søker om helse- og omsorgstenester? Du kan velje mellom å sende søknad digitalt eller på papir.
Digital søknad
Du loggar inn gjennom den nasjonale ID-porten. Logg inn og fyll ut digital søknad:
Søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester
Søknadsskjema på papir
Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong
Saksbehandling
Kommunen har plikt til å behandle søknaden så raskt som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, vil du få eit skriftleg svar med årsak og informasjon om når vedtak kan ventast.
Søknaden vert behandla i ei tverrfagleg inntaksnemnd i Helse og velferd. Du vil få eit skriftleg vedtak med resultatet.
Avlasting er ei teneste som skal gi pårørande med særleg tyngjande omsorgsoppgåver moglegheit til å få avbrekk i kvardagen. Føremålet er å førebyggje overbelastning, gi rom for fritid og ferie, og bidra til å oppretthalde sosiale nettverk og familiære relasjonar.
Avlasting kan ytast på timebasis eller gjennom døgnopphald – enten i heimen eller på institusjon.
Her finn du meir informasjon om avlasting
Her finn du ulike teneste og aktivitetar som kan vere relevante for deg som pårørande.
Oversikt over tilbod
- Aktivitetskalender og kurs: Kommunen tilbyr ulike aktivitetar og kurs som kan vere av interesse. Desse er ikkje nødvendigvis retta spesifikt mot pårørande, men kan likevel vere nyttige eller inspirerande
- Kvardagstenester i heimen: Ønskjer du hjelp til praktiske oppgåver i heimen? Her finn du informasjon om til dømes; matlevering, hjelp i hus og hage, frisørtenester, sosial støtte m.m.
- Fritidskontakt: Her kan du finne informasjon om fritidskontakt, kva det går ut på, korleis du søker, og kva som er formålet med tenesta
- Bli fritidskontakt: Øygarden kommune søker engasjerte personar som vil bli fritidskontakt
- Ledsagarbevis: Ledsagarbevis gir deg rett til gratis inngang for ein ledsagar ved til dømes kultur- og fritidsarrangement
- Memento (tilbod til pårørande og personar med demens): Memento er eit lågterskel aktivitetstilbod der ein kan delta i fellesskap og få støtte i kvardagen som person med demens eller som pårørande.
Dersom du har særleg tyngjande omsorgsansvar, har du rett til å få opplæring og rettleiing i rolla som pårørande. Dette er eitt av fleire tiltak som vert kalla pårørandestøtte.
Tilbodet kan til dømes omfatte:
- korleis du på ein forsvarleg måte kan ta vare på den du gir omsorg til
- korleis du kan førebyggje eigne helseutfordringar og ta vare på deg sjølv
Korleis søkje?
Koordineringssenteret gir råd og rettleiing i samband med søknad om helse-, omsorgs- og velferdstenester. Du kan òg ta direkte kontakt med aktuelle tenester dersom du har spørsmål eller ønsker meir informasjon om kva moglegheiter som finst for deg som pårørande.
Her finn du informasjon om ulike koordinatorfunksjonar i kommunen:
- Demenskoordinator: Demenskoordinatoren leier demensteamet og er ein ressurs for personar med demens og deira pårørande
- Kreftkoordinator: Kreftkoordinator gir støtte, informasjon og oppfølging til kreftpasientar og deira pårørande
- Førebyggjande konsulent: Førebyggjande heimebesøk er eit tilbod til seniorar der du får informasjon og råd som kan bidra til å meistre kvardagen
- Barnekoordinator: Barnekoordinator skal bidra til heilskapleg oppfølging av barn og familiar med samansette behov.
Oversikt over aktivitetar og tenester
- Pårørande: Helsedirektoratet: Offisiell informasjon frå Helsedirektoratet om rettar, støtteordningar og tilbod til pårørande
- Pårørandesenteret: Ein nasjonal nettstad og hjelpeteneste for alle typar pårørande. Tilbyr råd, kurs og samtaletilbod.
- PIOsenteret: Eit nasjonalt informasjon- og støttesenter for alle typar pårørande, uavhengig av diagnose. Dei tilbyr samtalar, kurs, informasjon og rådgjeving – både fysisk og digitalt
- LPP: Pårørende innen psykisk helse: Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse arbeider for rettane og behova til pårørande
- Ivareta: Foreininga for pårørande til personar med rusproblem, med støtte og rettleiing
- Nok Sør-Vest: Gratis samtaletilbod for personar utsett for seksuelle overgrep og deira pårørande
- Mental Helse – Alle har en Mental Helse: Organisasjon for alle som treng støtte innan psykisk helse, også pårørande. Har døgnopen hjelpelinje
- Kreftforeningen: Tilbod og informasjon for deg som er pårørande til nokon med kreft
- Demensforening: Ressursar og støttegrupper for pårørande til personar med demens
- FP: For Fangers pårørende: Støtte og rettleiing til pårørande av personar i fengsel
- ROS Pårørande gruppe: Informasjon og samtaletilbod til pårørande til personar med spiseforstyrring
- Rustelefon: Anonym rådgiving for pårørande og andre som har spørsmål om rusmiddel. Rustelefonen 08588 - Selvhjelp Norge
- Kirkens SOS: Døgnopen krisetelefon for alle som treng nokon å snakke med, også pårørande
- Pasient og brukerombudet: Gir råd og hjelp viss du som pårørande har spørsmål eller klager knytt til helsetenester
- Lisa-gruppene: Samtale- og aktivitetstilbod for pårørande til personar med psykiske helseutfordringar (lokalt tilbod i samarbeid med Bergen kommune)
Å miste ein som står deg nær, kan vere ei tung og krevjande oppleving. I Øygarden kommune finst det fleire tilbod som kan hjelpe deg i sorgprosessen – både for barn, ungdom og vaksne.
- Barn og ungdom kan få støtte gjennom helsestasjonen og skulehelsetenesta.
- Vaksne og familiar kan få hjelp via fastlegen eller gjennom kommunen sitt psykososiale kriseteam.
Oversikt over tilbod
- Psykososialt kriseteam: Kriseteamet gir emosjonell førstehjelp og oppfølging ved akutte hendingar som dødsfall, alvorleg sjukdom eller ulukke
- Sorggrupper: Det finst sorggrupper for ungdom og vaksne i Øygarden og i spesialisthelsetenesta. Her kan du møte andre i liknande situasjon og dele erfaringar
- Nasjonal tilbud: LEVE tilbyr støtte, samtalar og sorggrupper etter sjølvmord
- Gravferd – Helse Norge: Praktisk informasjon om gravferd, rettar og støtteordningar etter dødsfall
- Digital dødsbo: Informasjon om korleis ein kan melde og handtere eit dødsbo digitalt
Sist endra 19.08.2025 08.38