Når kvardagen er utfordrande, treng ein støtta frå andre. Nettverksmøte er eit tilbod til deg som ønskjer å samarbeida med familie og nettverk, eller ønskjer å dela med nettverket ditt korleis du har det.
Innhald

Tomøtevertar vil hjelpe med å legge til rette for ein open dialog der alle stemmer i rommet blir høyrt og tillagt like stor tyding. Du kan sjølv velje kven og kor mange som skal delta på møtet. Dette kan være familie, vener, naboar, fagpersonar, kollegaer eller andre.
Målet med nettverksmøte er å skape ein god dialog som kan bidra til auka forståing av kvarandre. I slike møter kan nye måtar å sjå, høyre og forstå kvarandre og situasjonen openberre seg. Møtet varer i inntil 2 timar. Du kan be om eitt eller fleire møter.
Målgruppe
Dette er eit tilbod for deg som ønskjer å styrka samarbeidet med familie og nettverk.
Fyll inn og send inn søknadsskjema
Sist endra 08.01.2026 12.49