MEMENTO

Memento er ein møteplass for personar med utfordringar knytt til hukommelse, som ønskjer ein triveleg torsdag i lag med andre. Tilbodet er kvar torsdag kl. 11.00 - 14.00, med møteplass på Baker Brun. 

Baker Brun på Sartor Storsenter - Klikk for stort bilete

Memento er også ein møteplass for pårørande, der du kan møte andre i same situasjon.

Vil du/dere delta?

Kven kan få tilbodet?

Aktivitetstilbodet MEMENTO inngår som del av handle- og kulturtilbodet TREFF+.

MEMENTO er spesielt lagt til rette for yngre og eldre personar som har utfordringar med hukommelse og/eller demenssjukdom. Pårørande er og hjarteleg velkommen.

Kva kan du få hjelp til?

Møteplassen er Baker Brun, der ein kan kjøpe kaffi og noko å spise om ein ønskjer det. Aktivitetar baserer seg på ulike fasilitetar på Sartor, t.d. handlehjelp, delta på Allsang+, demenskor, turar i nærmiljøet og anna. På biblioteket har vi aktivitetar som spilltime (ulike brettspel), og anna som biblioteket har å tilby, for stimulering av hukommelse.

Memento er ein møteplass med fokus på tryggheit og medmenneskelegheit, med målsetting om fine stunder i lag.  

Tilbodet er vel etablert, med leiar Linda Baisotti, og faste frivillige. Alle med kompetanse på hukommelsessvikt.

Påmelding

Ta kontakt med demenskoordinator på telefon 911 14 110 for å melda deg på.

Prisar

Det er ingen månadleg kostnad, men du betaler sjølv for det du måtte ynskje å spise og drikke, og for eventuelle aktivitetar som du deltek på. 

Samarbeid

MEMENTO er eit samarbeid mellom:

  • Sartor Storsenter
  • Baker Brun
  • TREFF+
  • Demensforeininga i Fjell, Sund og Øygarden
  • Frivilligsentralen
  • Øygarden kommune

Fotogalleri

MEMENTO - Klikk for stort bilete
MEMENTO - Klikk for stort bilete
MEMENTO - Klikk for stort bilete
MEMENTO - Klikk for stort bilete
Mikrofoner - Klikk for stort bilete