Søk om Individuell plan/koordinator

Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få koordinator og/eller utarbeida ein individuell plan dersom dei ønskjer det.

Planen skal vere eit verktøy for samarbeid mellom tenestemottakar og hjelpeapparatet, og mellom dei ulike tenesteytarane. Søknad sendast til Koordinerande eining.

Slik sender du førespurnad

Du kan kontakte eininga Helse, meistring og rehabilitering på telefon 55 09 68 50 ved spørsmål om koordinator og individuell plan eller sende skriftleg førespurnad til Koordinerande eining i kommunen:

Send førespurnad om Individuell plan/koordinator (PDF, 213 kB)

Send skjema til:
Øygarden kommune - Koordinerande eining
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Kva skjer vidare?

Dersom du har fleire tenester og behov for koordinering av disse, vil du få innvilga koordinator og få tilbod om å utarbeide individuell plan. Du vil då få hjelp til å koordinere dei tenestene du allereie har. Individuell plan og koordinator gjev ikkje rett til fleire tenester enn dei du i utgangspunktet har. Du vil få svarbrev.

Klage

Ved eventuelt avslag har du rett til å klage. Dersom ein individuell plan ikkje oppfyller krava til kva ein slik plan skal innehalde (sjå forskrifta), kan du også klage på det. Klagen sender du til Koordinerande eining.

Om Koordinerande eining

Koordinerande eining i Øygarden kommune er ei faggruppe, sett saman av representantar frå fleire fagavdelingar i kommunen. Koordinerande eining er organisert i kommunalsjefområda Helse/Velferd og Oppvekst og vurderer førespurnader samt avgjer kva tenesteområde som skal tilby koordinator. Koordinerande eining er leia av leiar for Helse, meistring og rehabilitering, har møte ein gong i månaden og held til på Straume terapisenter.  er organisert i kommunalsjefområda Helse/Velferd og Oppvekst. 

Om Individuell plan

Vi nyttar eit elektronisk verktøy for individuell plan, levert av DIPS levekår. 

Logg inn for å sjå individuell plan

Barnekoordinator

Familiar som har eller venter barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester, kan få oppnemnd  barnekoordinator. Barnekoordinator skal syte for samordning av dei tenesta som har oppfølging med barnet. 

Førespurnad om barnekoordinator sendast på same skjema som alminneleg koordinator. Presiser i søknadsteksten kva det bes om. 

Tryggleik

Pålogging til indivduell plan er den same type pålogging som ein nyttar på nettbank - og like trygt. Vi stiller også krav om personnummer for alle deltakarar for å sikre at ein ikkje blandar personar med same namn. Alle som skal ha tilgang til elektronisk IP får ei grunnopplæring og i tillegg vil alle som skal vere koordinator få ei grundigare opplæring.

Brosjyre

Brosjyre - Treng du koordinator/individuell plan? (for utskrift) (PDF, 640 kB)

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00