ADL-team og barnekoordinator inviterer til foreldrekurs for føresette til barn og unge med særlege behov.

Om kurset
Øygarden kommune v/barnekoordinator og ADL-team inviterer føresette til barn og unge med særlege behov av ulike slag til kurssamling ein ettermiddag i månaden. Det går ei kursrekke for barn og ei kursrekke for ungdom/unge vaksne frå august til juni kvart år.
Kursa er tenkt å bidra til informasjon og rettleiing om ulike tema som kan vere aktuelle for den enkelte familie. (Jf Lov om helse og omsorgstenester § 3-6).
Første samling blir brukt til å få innspel frå føresette om konkrete tema som kan vere til nytte. Etter det blir det sendt ut ein plan over resten av kursrekka.
Vi følgjer skuleruta.
Tema kan vere:
- Rettigheiter ein har som barn og familie
- Kvardagslivsmeistring og hjelpemiddel
- Fritid og avlasting
- Overgangar
- Kommunikasjon
- Psykisk helse
- Pårørandestøtte
- Barnehage, skule og arbeid
- Økonomi
- Bustad og Startlån
Praktisk informasjon
- Kurs 1 | ein ettermiddag pr mnd kl. 17.00:
Føresette til barn med særlege behov av ulike slag frå 0-13 år - Kurs 2 | ein ettermiddag pr mnd kl. 16.30:
Føresette til heimebuande ungdom/unge vaksne med særlege behov av ulike slag frå 14 år og oppover, inga øvre aldersgrense.
Stad
Skjenet 10, 5353 Straume
Pris
Kursa er gratis.
Påmelding og nærare informasjon
Ta kontakt med oss på e-post foreldrekurs@oygarden.kommune.no for å melda deg på eller dersom du har spørsmål. (Ikkje oppgi sensitiv informasjon på e-post).
Ikkje kvi deg for å ta kontakt.
Sist endra 28.10.2025 08.40