Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Følgjekort/ledsagerbevis

Du kan søkje om følgjebevis dersom du har nedsett funksjonsevne og treng bistand til dei fleste daglege gjeremåla. Følgjekortet gjev ledsagaren din fri eller rabattert billett til kultur-, idretts og fritidsarrangement og til offentlege transportmidlar. Du betalar ordinær billett, eventuelt honnørbillett.

Kva er følgjekort?

Følgjekortet er eit gratis og personleg tilbod. Ordninga gjev deg høve til å ha med deg følgje til aktivitetar og plassar du er hindra i å klara sjølv, grunna nedsett funksjonshemming. Hensikten er at du skal sleppa å betale for følgjet.

Nedre aldersgrense for søkjar er normalt 8 år.

Vilkår

  • Følgjekort vert tildelt uavhengig av søkjar sin økonomiske livssituasjon.
  • Grunnlaget for vurderinga er om du i din livssituasjon er avhengig av følgje for å oppsøkje aktivitetar og opplevingar.

Søk om følgjekort

For å få følgjekort må du ha permanent adresse i Øygarden kommune og sende ein grunngjeven søknad til kommunen.

Elektronisk skjema

Vedlegg

Vi ønskjer digitalt bilete. Treng du hjelp til å få tatt bilete, kontaktar du kommunen for avtale. For å behandle søknaden treng vi uttale frå lege eller anna helsepersonell.

Har du spørsmål eller treng hjelp til utfylling av skjema, kontakt Innbyggjartorga eller ring 56 16 00 00.

Pris

Følgjekortet er gratis og gjeld for heile landet. Dei fleste tilbydarar viser dette med logoen for følgjebevis. Men det er opp til den enkelte arrangør å bestemme om ordninga er gjeldande, sjølv om lokalet i seg sjølv har godkjent ordninga.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist.

Saksbehandling

Søknadar vert handsama fortløpande.

Lenkjer

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00