Demensteam

Demensteamet består av sjukepleiarar og ergoterapeut. Vi samarbeidar med koordineringssenter, fastlegar og anna helsepersonell i kommunen.

Hukommelsesproblem?

Lurer du på om nokon av dine næraste eller nokon du kjenner har hukommelsesproblem?

  • Alle gløymer frå tid til anna, men hukommelsesproblem åleine er ikkje teikn på demens.
  • Tidleg utgreiing og diagnostisering er viktig slik at rette tiltak vert sette i verk brukar og pårørande.

Kva er demens?

Demens er ein fellesnemning på hjernesjukdomar som fortrinnsvis opptrer i høg alder. Tilstandar som kan føra til demens er Alzheimer, sjukdomar i blodkaret i hjernen, infeksjonar og svulstar i hjernen, alvorlege hovudskadar og Parkinsons sjukdom.

Teikn på demens

  • Hukommelsessvikt – spesielt for nyare data
  • Sviktande språkfunksjon, for eksempel: ordleiting
  • Personlegdomsendring
  • Angst og depresjonar
  • Problem med å utføra praktiske handlingar
  • Tap av initiativ
  • Manglande evne til å gjenkjenna gjenstandar
  • Desorientering når det gjeld tid og stad

Kva kan du få hjelp til?

  • Utgreiing; kartleggja om problemet skuldast demens
  • Gje råd og rettleiing
  • Gje oversikt over tenestetilbod frå pleie- og omsorg, samt andre lågterskeltilbod i kommunen
  • Tilrettelegging i daglege aktivitetar (inkludert hjelpemidlar)
  • Oppfølging

Vi kjem på heimebesøk etter ønske frå brukar sjølv eller pårørande.

Demensteamet
Mobil 91 11 41 10