Førebyggjande heimebesøk

Du treng ingen søknad eller tilvising - ta kontakt.

Satsing og tiltak

Leva heile livet er ei kvalitetsreform for eldre som har fokus på at eldre skal meistra livet i eigen heim, skapa tryggleik og kunna ha ein aktiv og meiningsfull kvardag.

Kva er førebyggjande heimebesøk?

Ei oppsøkjande rådgjevingsteneste til heimebuande som ikkje allereie mottek tenester frå heimesjukepleien.

Målgruppe

Alle heimebuande over 75 år kan ta kontakt med oss for heimebesøk. Dersom du er yngre enn dette kan tilbodet også gjelde for deg dersom du har ei utfordrande heimesituasjon.

Beste årgang

Det året du blir 77 år, får du ein invitasjon til felles seniormesse og heimebesøk. Det er frivillig å ta imot tilbod, og du har høve til å ha med deg pårørande eller andre i besøket.

Tema i samtalen kan vera:

  • Kva er viktig for deg?
  • Trivsel, nettverk og nærmiljø
  • Bustad, brann og fallførebygging
  • Aktivitetar og deltaking på fritida; Kva tilbod finst for deg i kommunen?
  • Aktuelle råd om helsefremjande og førebyggande tiltak
  • Tryggleik og meistring i kvardagen
  • Velferdsteknologi
  • Livstestament
  • Involvera andre tenester eller vidare oppfølging ved behov og ønske

Sjukepleiar har teieplikt.

Pris

Tilbodet er gratis.

Kontakt oss

Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer meir informasjon!

Telefon: 915 34 492
E-post: hanne.hjortland@oygarden.kommune.no
NB! Ikkje bruk e-post til sensitive opplysningar


Nasjonale føringar og lovverk

Helse og omsorgstjenestelova § 3-3. Helsefremmende og forebyggende arbeid; «Kommunen skal ved ytelse av helse og- omsorgstjenester fremme helse og søke å forebygge sykdom, skade og sosiale
problemer. Dette skal blant annet skje ved opplysning, råd og veiledning».

Brosjyre

Brosjyre om Førebyggjande heimebesøk (PDF, 2 MB)

Førebyggjande heimebesøk
E-post
Telefon 91 53 44 92


NB! Ikkje bruk e-post til sensitive opplysningar