Krav til søkjar
- Den pleietrengande må bu heime
- Omsorgsarbeidet må verta vurdert som særleg tyngjande og gjelda nødvendige oppgåver
- Både brukar og Helse og velferd må vurdera om omsorgsstønad er det beste alternativet, eventuelt saman med andre hjelpetiltak.
Om du ikkje har søkt om hjelpestønad frå NAV, må du søkja om dette samstundes.
Tenk over dette før du søkjer:
- Arbeider du mange timar i veka med omsorgsarbeidet?
- Er arbeidet meir fysisk eller psykisk belastende enn vanleg?
- Inneber omsorgsarbeidet mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvn?
- Er det behov for omsorgsarbeid i perioder eller heile tida?
- Fører omsorgsarbeidet til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid?
- Er det snakk om omsorg for meir enn ein person?
Kva får du?
- Eit fast beløp kvar månad som ei godtgjering for nokre av timane du bruker på pleie- og omsorgsarbeid i heimen
- Kontrakt med opplysningar om tal timar, timeløn og andre vilkår.
Slik søkjer du
I søknadsskjema skriv du kva du søkjer.
Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje ei fullmakt som må lastast opp som vedlegg til søknaden. Du kan bruke denne malen dersom du er usikker på kva ein fullmakt skal innehalde.
Digital søknad
Du loggar inn gjennom den nasjonale ID-porten. Logg inn og fyll ut digital søknad:
Søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester
Søknadsskjema på papir
Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB)
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong
Søknadsbehandling
Søknader vert behandla etter kvart som dei kjem inn. Når søknad er motteken, avtalar vi snarast eit heimebesøk for kartlegging av behova og ønskja dine. I vedtaket vil det koma fram om søknaden vert innvilga eller ikkje. Det er eit krav at det er søkt om hjelpestønad frå NAV.
Kommunen har plikt til å behandla saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg svar på årsaka til dette med opplysningar om kva tid ein meiner at vedtaket vert fatta.
I vedtaket vil det koma fram om søknaden vert innvilga eller ikkje.
Kva skjer vidare?
Etter at du har søkt, besøkjer vi deg for å vurdera situasjonen og avklara kva oppgåver du utfører. Deretter gjer vi ei vurdering av kor mange arbeidstimar i veka du eventuelt kan få godtgjersle. Omsorgsarbeid vert ikkje løna time for time.
Klage
Du kan klaga på vedtak om omsorgsstønad. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen.
Lovar og reglar