Søkjarar med begrensa gangevne og som har problem med å finna parkering tett ved bustad, arbeidsplass og behandlingsinstitusjonar har prioritet ved tildeling av parkeringsløyve.
Institusjonar som disponerar spesialinnreia bil for transport av forflyttingshemma. Dette gjeld på HC-plassar med offentleg trafikkskilt.
Krav og kriterier til søkjar
- Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevega deg.
- Du må dokumentera eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stader der du ikkje har høve til å nytta det ordinære parkeringstilbodet. Dette kan for eksempel vera ved bustad, arbeidsplass, legekontor, sjukehus, eller andre medisinske behandlingsstader.
- I tillegg må du dokumentera kor ofte du har behov for å besøkja desse stadane.
Dersom du tidlegare har fått innvilga parkeringskort og denne har gått ut, må du søkja på nytt, det er ikkje lenger mogleg med fornying av parkeringskort.
- Passasjeren må ha legeerklæring som dokumenterer at han eller ho ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevega seg.
- Det må dokumenterast at passasjeren ikkje kan forlatast utan tilsyn, sjølv for kortare tid. Eksempel på dette kan vera sterkt psykisk utviklingshemma barn opp til ein viss alder og andre som ikkje kan ta vare på seg sjølv.
- Passasjeren må dokumentera eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stader, der han eller ho ikkje har høve til å nytta det ordinære parkeringstilbodet. Dette kan for eksempel vera ved bustad, arbeidsplass, legekontor, sjukehus, eller andre medisinske behandlingsstader.
- Passasjeren må dokumentera kor ofte han eller ho har behov for å besøkja desse stadane.
Dersom du tidlegare har fått innvilga parkeringskort og denne har gått ut, må du søkja på nytt, det er ikkje lenger mogleg med fornying av parkeringskort.
Prioritering av søkjarar
Søkjarar som har rullestolheis eller rampe i bilen vert prioritert. Etter forskrifta skal behov for parkeringslette i samband med arbeid eller bustad leggjast vekt på. I tillegg er det forvaltningspraksis på at det med «anna aktivitet» meinast søkjarar som har regelmessig helserelaterte avtalar på stadar der det er vanskeleg å parkera, vert prioritert.
Kven vert ikkje prioritert?
- Søkjarar som berre har sporadiske behov for parkeringslette
- Søkjarar som primært har behov for parkeringslette i samband med handling og sosiale aktivitetar
- Søkjarar som i hovudsak kan nytta ordinære parkeringsplassar eller andre alternative løsningar. Til dømes utløyser ikkje behov for handling, deltaking i sosiale aktivitetar eller problematikk knytt til bæring i seg sjølv rett til parkeringsløyve.
Det vert gjort ein heilskapsvurdering av aktivitetar der det er behov for tilrettelagt parkering. Det er difor viktig at du skriv alt du meiner er relevant for søknaden.
Slik søkjer du
Søknad med vedlegg må vera elektronisk.
Søknad om parkeringsløyve for forflyttingshemma
Vedlegg du må laste opp saman med elektronisk søknad:
- Legeerklæring
- Kopi av gyldig legitimasjon (søkjer som passasjer)
- Kopi av gyldig førarkort (søkjer som bilførar)
- Bilete av deg i passfotoformat av ny dato
Søknad for institusjon med spesialinnreia bil
Parkeringsløyve for spesialinnreia motorvogn kan tildelast institusjonar som transporterer personar med forflyttingshemming i eigne spesialtilpassa køyretøy.
For å få innvilga søknaden må institusjonen:
- vere registrert som organisasjon/institusjon
- ha brukarar med forflyttingshemming som har behov for transport og parkering i samband med tenester eller aktivitetar
- disponere eit spesialinnreia køyretøy, til dømes med rullestolheis eller rampe
Søknad om parkeringsløyve for institusjon
Saksbehandling
Kommunen hentar inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere søknaden. Deretter vert vedtak fatta med grunngjeving. Dersom du treng meir informasjon om saka di kan du ta kontakt med kommunen og saksbehandlar.
Kommunen skal behandle søknaden med nødvendig dokumentasjon så snart som mogleg og innan 1 månad. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan den tid, skal du få skriftleg tilbakemelding om årsak og informasjon om når du kan forventa at vedtak vert fatta.
Ufullstendige søknader vert ikkje behandla før kommunen har mottatt gyldig dokumentasjon. Du vil få melding om at søknaden din er ufullstendig.
Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå motteke svar. I klagen må du beskrive kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen si avgjersle, vert saka sendt vidare til kommunen si eiga klagenemnd, som gjer endeleg vedtak i saka.
Kor kan du parkera med parkeringskort?
Ved parkering skal kortet liggja godt synleg bak frontruta for kontroll.
- På reserverte offentlege parkeringsplassar for forflyttingshemma
- På avgiftsbelagde offentlege parkeringsplasser utan å betala avgift
- På offentleg parkeringsplass med skilta tidsavgrensing frå 30 minutt og oppover med inntil dobbel tid. Dette gjeld ikkje på parkeringsplassar for forflyttingshemma med oppgitt tidsavgrensing.
- På stader der det er innført bustadsoneparkering
Ofte stilte spørsmål
Nei, kortet må leverast inn. Ønskjer du å søke om kort som passasjer, må du sende ny søknad.
Nei. Legeerklæringa dannar berre det medisinske grunnlaget for vurderinga. Du må også kunne dokumentere at du har eit særlig behov for parkeringslette utanfor bustad, arbeid og/eller annan aktivitet.
Kommunen skal vurdere behovet ditt for parkeringslette. Normalt vil det difor vere behov for at du som søkjar gir informasjon om stadar du har parkeringsbehov, adresse til parkeringsområdet, samt kor ofte du besøker dei aktuelle stadane. Opplysningane om dine behov og kor viktig desse er, gir oss viktig informasjon for å kunne treffe riktig avgjersle, samtidig som det forenklar saksbehandlinga vår.
Av- og påstiging på HC-plass er tillate. Du kan parkere på HC-plass og følgje passasjeren inn til bestemmelsesstaden, for så å flytte bilen til ordiner parkeringsplass. Dersom passasjer har HC-kort treng ikkje førar å flytte bilen frå HC-plassen.
Ja, når du som eig kortet er med i bilen. Bruker andre bilen utan at du er med, må dei kjøpe piggdekkoblat. Dette kan kjøpast gjennom parkerings-appen til Bergen kommune.
Parkeringsløyvet gjeld deg som person, og ikkje bilen. Kortet er difor utan registreringsnummer og kan brukast i kven som helst sin bil så lenge du er med i bilen.
Du må melde kortet tapt/stole til politiet. Hos politiet får du ein tapsmelding/stadfesting på meldinga. Ta med denne og nytt bilde av deg sjølv til Øygarden kommune og vi lagar nytt kort til deg.
Dersom du framleis har behov for parkeringsløyve etter utløpsdatoen på kortet ditt, må du søkje på nytt før kortet går ut. Kommunen må gjere ei ny vurdering fordi det kan ha skjedd endringar i situasjonen din som gjer at parkeringsbehovet ditt kan ha endra seg, for eksempel fordi du har byttet bustad eller arbeidsstad.
Skal du søkje på nytt er det lurt å vere ute i god tid, men tidligast tre månader før inneverande parkeringsløyve utgår.
Ved innvilga søknad om parkeringskort kan du hente det i innbyggjartorget på biblioteket på Sartor senter – Straume. Hugs legitimasjon.