
- No skjerpar vi oss
I veke 44 (frå 26. oktober) vert eigenberedskapsveka markert på fleire måtar i Øygarden.
- Det er viktig at vi styrkjer eigenberedskapen i ei uroleg verd, seier kommunedirektør Johnny Breivik. Tema for eigenberedskapsveka i 2026 er bortfall av elektronisk kommunikasjon.
Les meir.
Tilrår å vedta områderegulering for Energiparken
Plan- og miljøutvalet tilrådde samrøystes på torsdag å godkjenna områderegulering for Energiparken, Blom. Området ligg nær Kollsnes prosessanlegg og Northern Lights og har tilgang til etablert infrastruktur.
Les meir.
Korleis vert bussrutene når Sotrasambandet er ferdig?
Skyss har no utarbeidd forslag til nytt kollektivtilbod etter opning av riksveg 555 Sotrasambandet. Dei reisande vil merka størst endringar på Litlesotra. No kan du gje innspel til Ruteplan vest (sjå lenkje nedanfor).
Les meir.
Podkastepisode 27: Ungdom i møte med rus
I podkastepisode 27 av Rådhuset handlar det om ungdom og rus og trendar og utviklingstrekk blant ungdom. Kommunedirektør Johnny Breivik har invitert fagleiar i politiet, Øystein Samsonsen, og barne- og familiesjef i Øygarden kommune, Monica Johannesen Mørk.
Les meir.
Ønskjer forprosjekt om døgnbemanna butiltak
Levekårsutvalet sluttar seg samrøystes til innstillinga frå kommunedirektøren og tilrår at det vert etablert eit forprosjekt som skal greia ut døgnbemanna butiltak etter barnevernslova. Det er venta at eit slikt tilbod vil kosta mellom 15 og 20 millionar kroner i året. Utvalet var samla til møte på onsdag.
Les meir.
1,3 millionar til TV-aksjonen frå Øygarden
Klokka 11 måndag føremiddag var det registrert 1,35 millionar kroner til TV-aksjonen frå Øygarden. Dette er om lag det same nivået som i for. Inntektene frå TV-aksjonen går til NRC Flyktninghjelpen som skal gje menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.
Les meir.
Vil auka kunnskapen om førebygging av utanforskap og radikalisering
Mentornettverket i Øygarden kommune arrangerte den 20. oktober fagdag om utanforskap og radikalisering. Målet med fagdagen var å auka kunnskapen på feltet for dei som jobbar med barn, ungdom og vaksne.
Les meir.
- Vi såg ein stor skugge
3. og 4. trinn på Foldnes skule følgde godt med då dei fekk vera med på ei dramatisk og litt skummel reise med vandreteateret Draug på Kystmuseet i sist veke.
- Eg og Sara drog ut til Mareskjeret. Der såg vi ein stor skugge frå havbotnen som kom imot oss, sa Olise som var ei av dei to fiskesøstrene.
Les meir.
Nær 50 flyktningar fekk prøva seg i arbeidslivet
I haustferieveka arrangerte Øygarden kommune for første gong ei arbeidsveke for alle flyktningar som deltek i introduksjonsprogrammet. Introduksjonsprogrammet er eit individuelt tilpassa heiltidstilbod som skal førebu deltakarane på arbeid og deltaking i det norske samfunnet.
Les meir.
Føreslår å auka ramma for ny skule og hall på vestsida til 330 millionar
Kommunedirektøren tilrår å auka den samla investeringsramma for ny skule på Skålvika, inkludert fleirbrukshall, frå 200 til 330 millionar kroner inklusive meirverdiavgift (2027-kroner). Formannskapet skal behandla saka den 28. oktober. Også den vidare prosessen med arealdelen til kommuneplanen vert behandla i dette møtet.
Les meir.
Tilskot til inkludering av barn og unge – Bufdir
No kan du søkja støtte til tiltak som fremjar inkludering av barn og unge. Søknadsfristen er 13. november.
Les meir.
Influensavaksine til barn
Vaksinane er tilgjengelege for barn og er å få gratis på helsestasjonen for barn i risikogrupper. Barn i risikogruppe vert råda til å ta influensavaksine årleg frå 6 månaders alder, då vaksine er det tiltaket som førebyggjer influensa og følgjene av sjukdomen best.
Les meir.
Drømmestipendet 2027
Er du mellom 18 og 25 år? Då kan du søka på Drømmestipendet. Søknadsfrist er 17. november 2026.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (43)
- 19.10.: Interne møte
Møte hjå KS Digital (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
Møte med idrettsrådet - 20.10.: Konferanse førebyggjande arbeid med utanforskap m.m.
- 21.10.: Beredskapsråd
Møte i kommunalutvalet, Høgre - 22.10.: Øving
Innlegg “Vi byggjer Vestland” - 23.10.: Synfaring Steinsland
Gravferd Jarle Vindenes
Ordføraren neste veke (44)
- 26.10.: Interne møte
Besøk Spildepollen skule - 27.10.: Frukostmøte Bergen Nærinsgråd
Møte med Hogne Tyssøy
Møte med Skyss
Stand eigenberedskapsveka - 28.10.: Toppleiarmøte Klimapartnar
Opning av konsulat for Polen
Møte i arbeidsgjevarutvalet kommunedirektøren
Formannskapsmøte - 29.10.: Bergen Næringsråd om kjernekraft
Interne møte om arealdelen til kommuneplanen
Møte med KF Panormana
Arrangement i regi av Mental Helse ungdom - 30.10.: Au Høgre, Teams
Dialogmøte Statsforvalteren
Synfaring - 31.10.: Revy
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (43)
- 19.10.: Interne møte
Fellesmøte Øygarden Idrettsråd - 20.10.: Arbeid med utanforskap og radikalisering
Styremøte Det vestnorske teater - 21.10.: Beredskapsråd
- 22.10.: Øving beredskap
- 23.10.: Besøk knytt til Zoo
- 24.10: Vigsel