Tilrår å vedta områderegulering for Energiparken

Plan- og miljøutvalet tilrådde samrøystes på torsdag å godkjenna områderegulering for Energiparken, Blom. Området ligg nær Kollsnes prosessanlegg og Northern Lights og har tilgang til etablert infrastruktur.

Leiar i PMU, Børge Haugetun - Klikk for stort bileteLeiar i PMU, Børge Haugetun

I tilrådinga vert fem reguleringsplanar erstatta og oppheva. Det heiter vidare at områdereguleringa for Energiparken skal gjelda framfor fem reguleringsplanar der planane overlappar.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Utvalsleiar Børge Haugetun sa at dette er ein stor plan.

- Dette er eit svært viktig område for framtidig industriutvikling, sa utvalsleiaren.

Energiparken er eit industriområde som rettar seg mot nye næringar i den grøne omstillinga. Lokalisert nordaust på Blomøyna, tett på Kollsnes prosessanlegg om lag fem minutt med bil frå Rong. Næringsparken var tidlegare kalla Naturgassparken og før dette Kollsnes næringspark. I dag er det etablert fleire verksemder i området, mellom anna Mowi, Gasnor, BKK, CCB Energy og Northern Lights. Formålet med områdeplanen er å leggja til rette for grøn næring innan petrokjemisk industri med karbonfangst, CO2 fangst og anna verksemd som støttar grøn omstilling.

I saka vert det vist til at områdeplanen legg til rette for ei omfattande utbygging. Konsekvensutgreiingane viser store negative konsekvensar for kulturmiljø, naturmangfald på land og i ferskvatn og naturmangfald i sjø. Landskap og friluftsliv får middels negative konsekvensar. Fleire av verknadene kan ikkje avbøtast fullt ut. 

Kommunedirektøren har hatt fokus på kunnskap og belysa konsekvensane for kystlynghei, inngrepet i sukkertareskog, reduksjonen av jaktområde for hubro og verknadene for landskap, friluftsliv og nærmiljø. Desse omsyna talar mot utbygginga. 

Samtidig skriv kommunedirektøren at Energiparken har særlege lokaliseringsføresetnader. Området ligg nær Kollsnes prosessanlegg og Northern Lights og har tilgang til etablert industriell infrastruktur. Områdeplanen legg til rette for sambruk mellom verksemdene og for næringsutvikling knytt til energi, karbonfangst og grøn omstilling.

Etter ei samla avveging meiner kommunedirektøren at lokaliseringsfordelane, samfunnsnytten og behovet for eit heilskapleg plangrunnlag veg tyngre enn dei negative konsekvensane. 

Ønskjer at PMU skal behandla saker om planvask

I samband med tilrådinga i formannskapet om at arbeidet med arealdelen til kommuneplanen skal leggjast til formannskapet, vart det vedteke å senda ei oppmoding til kommunestyret om at plan- og miljøutvalet skal behandla saker om planvask. Det vart vist til at dette samsvarar med delegeringsreglementet.

Vil ikkje ha mellombels forbod mot tiltak på Spilde

Med seks mot tre røyster tilrår PMU at Øygarden kommune ikkje innfører mellombels forbod mot tiltak innanfor delar av reguleringsplan på Spilde. Tiltaket gjeld etablering av veg, VA-anlegg samt planering av alle eigedomar innanfor ein del av reguleringsplanen.

Mindretalet (Ap og SV) røysta for innstillinga frå kommunedirektøren om å vedta mellombels forbod mot tiltak innanfor delar av reguleringsplanen.

Tilrådinga vert grunngjeve med at det ikkje er tilstrekkeleg dokumentert at eit så omfattande mellombels forbod mot tiltak er nødvendig for å sikra det vidare planarbeidet. Eit mellombels forbod etter plan- og bygningslova § 13-1 er eit inngripande tiltak som avgrensar grunneigarane sin råderett over eigedomane sine. Eit slikt inngrep bør ikkje vedtakast utan ei konkret vurdering av behovet, konsekvensane og om mindre inngripande verkemiddel kan vera tilstrekkelege.

Utvalet ber om at vidare planlegging skjer på ein måte som sikrar føreseielege rammevilkår og tek omsyn til grunneigarane sine interesser. På dette grunnlaget finn utvalet ikkje grunnlag for å vedta det føreslåtte mellombelse forbodet slik saka ligg føre.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Stansar planinitiativ for Vorland/Kvernavika

Utvalet slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren om å stansa oppstart av privat planinitiativ - detaljregulering for Vorland/Kvernavika, Vorland.

Hovudformålet med detaljreguleringa er utvikling av eit bustadområde for inntil 60 bustadeiningar. 

Etter at administrasjonen stansa det private planinitiativet, har forslagsstillar stilt krav om å få planinitiativet lagt fram for plan- og miljøutvalet for endeleg avgjerd. 

Utvalet støtta altså tilrådinga om å stansa oppstart av planinitiativet.

Legg plan for Stuvholmen akvakultur, Selstøa, ut til høyring

PMU vedtok å leggja detaljregulering for Stuvholmen akvakulturlokalitet, Selstøa, ut til offentleg ettersyn.

Nordplan Stord AS har på vegner av Telavåg Fiskeoppdrett AS utarbeidd forslag til detaljregulering. Planområdet er på om lag 157 dekar (daa) og består av område i sjø som ligg på vestsida av øya Sotra, ved Telavåg/Selstøa. 
Formålet med detaljreguleringa er å leggja til rette for at Telavåg Fiskeoppdrett AS skal kunna søkja om endra plassering (lokalitet) av eksisterande akvakulturanlegg lengre aust enn det som er avsett til akvakulturformål i arealdelen til kommuneplanen.

Klagesaker

Utvalet behandla tre klagesaker.

Orienteringar

Før utvalet behandla sakene, var det orientering om helikoptertrasear, status og aktuelle saker frå kommunalsjef for Samfunnsutvikling og vedlikehaldsplanar.

Når det gjeld helikoptertrasear opplyste Avinor at i løpet av kort tid vert det avgjort om dei to testtraseane som er nytta dei siste månadene skal halda fram eller ikkje. Den eine testtraseen gjev redusert støy for Turøyna/Misje-området, medan den andre testtraseen gjev meir støy for Telavåg-området. Det er ønske om å få tilbakemelding frå kommunen om helikoptertraseane. 

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke