Det gjekk bra til slutt. Frå framføringa av Draug på Kystmuseet.Gjennom den kulturelle skulesekken i Øygarden har elevane og lærarane på 3. og 4. trinn på alle grunnskulane i Øygarden i løpet av fire veker fått med seg vandreteater og omvising på Kystmuseet.
Det vart mykje dramatikk då dei tre skodespelarane Ingeborg Meyer Lysne, Anders Gjerde og Stine Revheim Svellingen framførte Draug for elevane i figurane Olise, Sara og Andor.
Fiskarsøstrene Olise og Sara møter ein merkeleg skapning ute på havet på veg ut til Mareskjeret.
Undervegs vert det møte med mystiske skapningar. Då kan det vera greitt å få nokre visdomsord frå Andor som siterte bestefaren sin. Andor forklarte Olise kva krefter som finst i havdjupet. Draugen er ein fæl skapning som dreg personar ned i havet.
- Det finst mykje meir mellom himmel og jord enn andre stader. Vi bryr oss ikkje om kunnskapen om å vera forsiktig på havet, sa Andor.
Elevane følgde godt med på alt det dramatiske som skjedde.
Trass i stor dramatikk, gjekk det bra til slutt.
- Kjærleiken overvinn alt, alltid. Hatet må vika, var konklusjonen.
Teaterframsyninga viste kva som gjerne rørte seg hjå folk av segn og overtru for 150 – 200 år sidan langs kysten. Elevane fekk vera med på ei reise utandørs med kulissar som passa godt til eit teaterstykke som dette.
Elevane fekk også god tid til å gjera seg kjend med Kystmuseet og utstillingane og fekk omvising. Dette vart ein annleis skuledag med felles opplevingar i ein ekte kystkulturkontekst.

Avdelingsleiar ung kultur i Øygarden kommune, Hilde Kristin Egeland, seier at kommunen ønskjer at alle elevane i Øygarden skal verta kjende med musea i kommunen i løpet av grunnskuleåra.
- Utfordringa er ofte kostnaden ved å frakta elevane ut til musea. Dette prosjektet er kostbart, men vi ser at vi får mykje igjen ved at vi kombinerer både scenekunst og formidling av kulturarv på same dag. Vi har med dette nådd alle elevane på to trinn, og vi vil prøva å få til eit liknande opplegg anna kvart år, slik at vi sikrar alle elevane får tilbodet, seier avdelingsleiaren.

Den kulturelle skulesekken (DKS)
DKS er ei nasjonal ordning som skal sikra at alle elevane i grunnskulen og vidaregåande opplæring får oppleva profesjonell kunst og kultur i skuletida, uavhengig av kvar dei bur. Tilbodet skal dekkja kulturuttrykka film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst. Det vert levert av profesjonelle kunstnarar, utøvarar og formidlarar.
Organisatorisk er DKS eit samarbeid mellom kultursektoren og opplæringssektoren både på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. I Øygarden kommune får skulane tilbod både frå Vestland fylkeskommune og frå den kommunale skulesekken.
Fleire bilete:
Tekst og bilete: Vigleik Brekke