1,3 millionar til TV-aksjonen frå Øygarden

Klokka 11 måndag føremiddag var det registrert 1,35 millionar kroner til TV-aksjonen frå Øygarden. Dette er om lag det same nivået som i fjor.

Synnøve Langnes Øverbø og Ellisiv, Alvilde, Viola og Olava Johnsen på Angeltveit var mellom dei som gjekk rundt med bøsser. Julia Valeska Woehlert

Inntektene frå TV-aksjonen går til NRC Flyktninghjelpen som skal gje menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.

På landsbasis er det registrert 251,3 millionar kroner til TV-aksjonen. Dette svarar til 45 kroner i gjennomsnitt frå kvar innbyggjar.

Innbyggjarane i Øygarden har gjeve 33,22 kroner i gjennomsnitt pr. innbyggjar. Med dette hamna kommunen på 41. plass.

Benedicte Sletten Larsen hadde med seg barna Sebastian (16 md.), Sophie (6 år) og Simon (4 år) då ho gjekk som bøsseberar. - Klikk for stort bileteBenedicte Sletten Larsen hadde med seg barna Sebastian (16 md.), Sophie (6 år) og Simon (4 år) då ho gjekk som bøsseberar. Ernst Einarsen

På fredag var det innsamlingsaksjon retta mot næringslivet i Øygarden. Fredag ettermiddag var det registrert 55 gåver på totalt 280 tusen kroner. Det er om lag det same nivået som året før. 

Rådgjevar næringslivet for TV-aksjonen i sørvest, Marthe Jansen, smilte som ei sol.

- Eg er strålande fornøgd. Dette er eit fantastisk flott resultat, sa Marthe Jansen etter innsamlinga frå fredag.