Topp stemning og stor gjevarglede

Humøret var på topp då eit dusin ivrige næringslivsleiarar fredag føremiddag ringde kollegaene sine i næringslivet og bad om støtte til TV-aksjonen.
- Her er god stemning, stort engasjement og blide folk, seier rådgjevar næringslivet for TV-aksjonen i sørvest, Marthe Jansen. 

Her er dei fleste som var med på ringjedugnaden fredag føremiddag. - Klikk for stort bileteHer er dei fleste som var med på ringjedugnaden fredag føremiddag.

I skrivande stund (oppdatert kl. 15.40) er det registrert rundt 280 tusen kroner frå om lag 55 bidragsytarar. Dette er om lag det same som i fjor. Det er venta at det vil siga inn ein del bidrag frå næringslivet fram mot sundag. 

- Eg er strålande fornøgd.Dette er eit fantastisk flott resultat, seier Marthe Jansen.

Marthe Jansen frå TV-aksjonen sørvest gler seg over godt resultat i Øygarden også dette året. - Klikk for stort bileteMarthe Jansen frå TV-aksjonen sørvest gler seg over godt resultat i Øygarden også dette året.

Inntektene frå TV-aksjonen går til NRC Flyktninghjelpen som skal gje menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.

Marthe Jansen seier at Øygarden peikar seg ut når det gjeld engasjementet for TV-aksjonen i næringslivet.

- Vi kranglar litt om å få vera med på aksjonen i Øygarden. Det er inspirerande å sjå engasjementet blant dei som er med og at dei klarer å samla ein god gjeng her ute, seier ho.

Mariann Persson og Christian Hellevik var med på ringjedugnad for første gong. - Klikk for stort bileteMariann Persson og Christian Hellevik var med på ringjedugnad for første gong.

To nye innsamlarar blant næringslivsgjengen i Øygarden i år er Mariann Persson i Bergen Fjord Adventures og Christian Hellevik i Ebbesvik AS.

- Eg har også tidlegare tenkt å vera med på dette. Vi får jo ein e-post frå VNR om å stilla opp. I år måtte eg slå til. Så langt har responsen vore god. Dei vi får tak i, seier ja til å støtta TV-aksjonen, seier Marian Persson som håpar at fleire vert med på aksjonen til neste år.

Christian Hellevik seier at han har gått med bøsser for TV-aksjonen saman med barna i fleire år.

- No hadde eg ein ledig føremiddag. Det er kjekt å få vera med på dette, seier han.

Sentral i planlegging av denne aksjonen er næringssjef Marianne Furheim.

- Eg er svært glad for alle som stiller opp og at folk er positive når vi ringjer dei opp, seier ho.

VNR og kommunen samarbeider tett om aksjonen.

- Eg har stor tru på varme lister. Dei som har vore med på ringjedugnaden før, stiller gjerne opp igjen, seier dagleg leiar i VNR, Kari-Anne Landro.

Gjengen - Klikk for stort bilete

Rådgjevar på kultur, Julia Valeska Woehlert, seier at det er framleis behov for fleire bøsseberarar på sjølve innsamlingsdagen sundag 18. oktober. 

- Vi har behov for fleire bøsseberarar både i nord, sør og vest. På Litle Sotra er det bra dekning på Brattholmen, Valen, Knarrvika og Valen, medan det er behov for fleire til å gå rundt på Hjelteryggen og Foldnes, seier ho.

Fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Hilde Kristin Egeland og Vigleik Brekke