Tilskot til inkludering av barn og unge - Bufdir

No kan du søkja støtte til tiltak som fremjar inkludering av barn og unge. Søknadsfristen er 13. november.

Ill. En kvinne og en gutt blåser såpebobler sammen. Bildet er svart-hvitt med fargede bobler. - Klikk for stort bileteIll.

Frivillige lag og organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret, kan no søkja om støtte til aktivitetar som fremjar inkludering av barn og unge.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har opna for søknader til ordninga Tilskot til inkludering av barn og unge for 2027. Ordninga skal bidra til at alle barn og unge får høve til å delta i fritidsaktivitetar og fellesskap, uavhengig av bakgrunn og økonomi.

Kven kan søkja?

  • Frivillige organisasjonar som har vore registrerte i Enhetsregisteret i minst to år og som er registrerte i Frivilligregisteret.

Søkjarane må kunna dokumentera ein eigenandel på 5 prosent.

Kva kan ein få støtte til?

Tilskotet skal gå til tiltak som førebyggjer utanforskap og styrkjer deltakinga blant barn og unge i alderen 0 til 24 år. De kan få støtte til tiltak som passar under desse akvititetstypane

  • fritids- og ferieaktivitetar
  • jobbtilbod
  • utstyrssentralar
  • lokal fritidskasse
  • aktivitetsguide
  • open møteplass
  • utprøving av arbeidsmodellar

Bufdir prioriterer prosjekt som når barn og unge som står i fare for å falla utanfor. Dei legg òg vekt på høg måloppnåing, god geografisk dekning og at nye aktørar kjem med. Nye søknader frå aktørar som allereie har fått tilskot til prosjekt i same kommune, vil ikkje verta prioriterte.

Slik søkjer du:

På nettsidene til Bufdir finn du meir informasjon om ordninga og korleis du kan søkja om tilskot.

Der finn du òg ei oversikt over dei sju aktivitetstypane du kan søkja tilskot til. Lokale lag og organisasjonar kan òg ta kontakt med Øygarden kommune dersom dei ønskjer råd eller samarbeid i søknadsprosessen.

Søknadsfristen er 13. november 2026.