Ønskjer forprosjekt om døgnbemanna butiltak

Levekårsutvalet sluttar seg samrøystes til innstillinga frå kommunedirektøren og tilrår at det vert etablert eit forprosjekt som skal greia ut døgnbemanna butiltak etter barnevernslova. Det er venta at eit slikt tilbod  vil kosta mellom 15 og 20 millionar kroner i året. Utvalet var samla til møte på onsdag.

Frå drøfting i pausen før avrøysting i ei av sakene på levekårsutvalsmøtet på tysdag. Frå venstre; Ernst Einarsen (H), Hege Renate Glesnes (INP), Sølvi Kobbeltvedt (Sp) og Arne Petter Solberg (Raudt). - Klikk for stort bileteFrå drøfting i pausen før avrøysting i ei av sakene på levekårsutvalsmøtet på tysdag. Frå venstre; Ernst Einarsen (H), Hege Renate Glesnes (INP), Sølvi Kobbeltvedt (Sp) og Arne Petter Solberg (Raudt).

I tilrådinga heiter det at ein ber om å få utgreidd dei faglege, økonomiske og organisatoriske rammene for eit framtidig bu- og omsorgstilbod til barn og unge med samansette hjelpebehov, og leggja fram tilråding om vidare oppfølging for politisk behandling.

Det vert vidare tilrådd at endeleg avgjerd om oppstart av prosjektet og løyving av midlar vert gjort i samband med budsjett og økonomiplan for 2027–2030.

Alle dei som tok ordet i saka gav full støtte til framlegget frå kommunedirektøren. Barne- og familiesjef Monica Johannesen Mørk sa i presentasjonen av saka at nokre barn treng meir oppfølging enn ordinære hjelpetiltak kan gje.

- Ut frå erfaringa i dag er det eit estimert behov for fire-fem nye heildøgnsplassar i prosjektperioden, sa barne- og familiesjefen.

I saka skriv kommunedirektøren at i forprosjektet skal administrasjonen greia ut behovet for tiltaket, aktuelle løysingar og dei økonomiske konsekvensane. Forprosjektet skal også vurdera i kva grad eit kommunalt tilbod kan redusera utgiftene til mellom anna kjøp av statlege og private institusjonsplassar

Kvalitetsmelding for grunnskulen

Levekårsutvalet tilrår å ta kvalitetsmeldinga for grunnskulen i Øygarden kommune for 2025- 2026 til orientering.
Det vert tilrådd å prioritera fleire innsatsområde i skuleåret 2026- 2027. Dette er fagleg utvikling, undervisningspraksis, læringsmiljø og tidleg innsats og tverrfagleg samhandling.

Kvalitetsmeldinga for grunnskulen er den årlege rapporteringa frå administrativ skuleeigar til politisk skuleeigar. Kommunedirektøren skriv i saka at meldinga viser at skulane oppnår gode resultat innan fleire område, samstundes som det er behov for kontinuerleg utviklingsarbeid. Skal elevane få eit best mogleg læringsutbytte, må skulane vidareutvikla undervisningspraksis, styrkjs det profesjonsfaglege samarbeidet og sikre tidleg og koordinert innsats rundt elevar som treng støtte.

I samband med saka om kvalitetsmelding for grunnskulen, orienterte avdelingsleiar Anita Thomassen Landro og rektor Anita Vabø om korleis Landro skule arbeider med lesing. Dei understreka at lesing er ein nøkkel for å meistra livet og ein viktig grunnmur for all læring. På biletet er dei i samtale med skulesjef Rune Golf og kommunalsjef for oppvekst Marius Sylta (til høgre). - Klikk for stort bileteI samband med saka om kvalitetsmelding for grunnskulen, orienterte avdelingsleiar Anita Thomassen Landro (til venstre) og rektor Anita Vabø om korleis Landro skule arbeider med lesing. Dei understreka at lesing er ein nøkkel for å meistra livet og ein viktig grunnmur for all læring. På biletet er dei i samtale med skulesjef Rune Golf og kommunalsjef for oppvekst Marius Sylta (til høgre).

Ønskjer plan for heile oppvekstfeltet

Utvalet tok evalueringa av «Plan for framtidas skule – sjå meg» til orientering og slutta seg i hovudsak til innstillinga frå kommunedirektøren.

Utvalet slutta seg likevel til eit framlegg frå leiar Ernst Einarsen (H) om at planen skal rullerast og utvidast til å omfatte heile oppvekstområdet i Øygarden kommune. Planen skal ha ein felles overordna del for heile oppvekstområdet, samt eigne delplanar for barnehage, skule og barne- og familietenester. Arbeidet skal byggja på forsking og eit kunnskapsgrunnlag, slik som den noverande planen.

Kommunestyret legg til grunn at planarbeidet skal ferdigstillast i løpet av 2027 og leggjast fram for politisk behandling og endeleg vedtak i første halvår 2028.

Kommunestyret vedtek at det skal utarbeidast ein prosessplan som synleggjer politisk og administrativ medverknad. Planen skal òg visa korleis levekårsutvalet og ungdomsrådet skal delta i arbeidsmøte der ulike tema blir drøfta med utgangspunkt i innspel frå forskarar. Prosessplanen skal leggjast fram for levekårsutvalet til behandling før sjølve planarbeidet startar.

I saka skriv kommunedirektøren at  planen legg til grunn at skulane skal ivareta både utdanningsoppdraget og danningsoppdraget. Planen har hatt som mål å styrkja kvaliteten i opplæringa gjennom elevaktive læringsformer, tidleg innsats, inkluderande fellesskap og systematisk kvalitetsutvikling.

Integritet i helse- og omsorgsteneste

Eldrerådet har sendt eit oversendingsforslag til levekårsutvalet knytt til at helse helse- og omsorgstenesa skal ivareta tjenestemottakerane sinsin integritet, trygghet og verdighet og rett til medvierknad. Ved dusjing, intimhygiene, og annan kroppsnær personleg hjelp, skal kommunen spørja tenestemottakaren om vedkomande har ønske om kvinneleg eller mannleg medarbeidar.

På bakgrunn av dette fremja Ernst Einarsen ei sak med eit konkret forslag til korleis tenestemottakarar i heimetenestene kan verta spurde om dei har ønske knytt til kjønn på medarbeidaren som utfører dusjing, intimhygiene, og anna kroppsnær personleg hjelp. Saka skal vise korleis slike ønske kan registrerast, følgjast opp og endrast.

Saka skal vurdera om det bør innførast ei ordning der tenestemottakaren må gje særskilt samtykke før slik hjelp vert utført av ein medarbeidar av eit anna kjønn enn tenestemottakaren har uttrykt ønske om. Saka skal visa korleis ei slik ordning kan gjennomførast i praksis.

Dersom kommunedirektøren ikkje tilrår ei slik ordning, skal saka grunngje dette særskilt, og det skal utarbeidast eit konkret alternativ for korleis tenestemottakaren sine ønske og rett til medverknad kan verta tekne i vare på.

Høyringsuttale om regional utviklingsplan i Helse Vest 2027 – 2041

LKU slutta seg til framlegget om uttale og vedtok å støtta hovudretninga i planen, men ber om at kommunane og fastlegane får ei tydelegare og meir forpliktande rolle i gjennomføringa.

Forslaget til høyringsuttale er særleg retta mot mål 2 om samanhengande pasientforløp og mål 6 om beredskap og tryggleik. Kommunen ber mellom anna om ei meir utadretta spesialisthelseteneste, reell felles planlegging gjennom helsefellesskapa og tydelege avklaringar før oppgåver, ansvar eller kostnadar vert flytta mellom nivåa.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Her er møtet i opptak på kommune-TV.


Tekst og foto: Vigleik Brekke