Ein ny skule vil erstatta nedlagde Skålevik skule (biletet)Formannskapet skal behandla saka den 28. oktober. Også den vidare prosessen med arealdelen til kommuneplanen vert behandla i dette møtet.
I tilrådinga vert kommunedirektøren beden om å innarbeida ny skule på Skålvika i framlegg til budsjett og at det vert lagt til grunn innsparingstiltak slik det går fram av oversikta i saka.
Bakgrunnen for saka er kommunestyrevedtak i oktober 2025 om å starta bygging av ny skule på Skålvika. I vedtaket vart det lagt til grunn at prosjektet i første byggetrinn skulle dimensjonerast for 150–200 elevar, samstundes som det skulle leggjast til rette for ei mogleg seinare utviding.
Den samla investeringsramma på 330 millionar kroner er 120 millionar kroner over gjeldande ramme. Auken skuldast mellom anna krav om spesialrom, ein større fleirbrukshall, nødvendige trafikksikringstiltak og prisjustering til 2027.
Finanskostnader på om lag 19 millionar årleg
Dei årlege finansutgiftene er berekna til om lag 19 millionar kroner når investeringa er gjennomført. I saka er det synleggjort korleis ei årleg innsparing på om lag 19 millionar kroner vil slå ut for tenestene innan kommunalsjefområdet Oppvekst.
Behovet for nødvendige trafikale avklaringane medfører at konkurranseutlysinga vert utsett til januar 2027.
Kommunedirektøren har tidlegare vurdert at bygginga av ny skule på Skålevik bør utsetjast. Bakgrunnen er det avgrensa handlingsrommet til kommunen, elevtalsgrunnlaget på vestsida og kapasiteten ved andre skular i området.
Ei utsetjing på om lag 15 år vil kunna leggja til rette for at ein framtidig storskule på vestsida vert etablert i eitt samla byggjetrinn, i staden for ei trinnvis utbygging.
Realisering av ny skule på Skålevik vil redusera det økonomiske handlingsrommet til kommunen, særleg med tanke på ny sjukeheim på Straume og andre nødvendige tiltak innan helse og omsorg.
Kommunedirektøren skriv at eit alternativ til ytterlegare innsparingstiltak er å auka kommunen sine inntekter gjennom eigedomsskatt. Dette har så langt ikkje vore ei ønskeleg løysing, korkje administrativt eller politisk.
Prosess for arealdelen til kommuneplanen
Den 23, september behandla kommunestyret høyringssak om forslag til ny arealdel til kommuneplanen 2027–2039». Det vart vedteke å utsetja saka.
Til kommunestyret den 5. november vert det lagt fram ei eiga sak om den vidare politiske organiseringa av arbeidet med arealdelen til kommuneplanen. I saka er det foreslått å leggja det vidare politiske arbeidet med arealdelen til formannskapet.
Denne saka skisserer to moglege alternativ for den vidare prosessen med arealdelen i formannskapet.
Alternativ 1 skisserer kva som er mogleg å få til av endringar, og leggja saka ut på høyring i februar 2027, med mogleg sluttvedtak innan utgangen av 2027.
Alternativ 2 legg opp til å arbeida vidare med alle punkta frå vedtaket i kommunestyret 23. september, og behandling av nytt høyringsforslag vil vera mogleg i juni 2027, med mål om sluttvedtak av ny arealdel før sommaren 2028.
Kommunedirektøren tilrår at det vidare arbeidet med forslag til ny arealdel til kommuneplanen skal gjennomførast i samsvar med alternativ 1, slik dette er skildra i saka. Til neste møte i formannskapet skal kommunedirektøren leggja fram ein framdriftsplan for den vidare politiske behandlinga fram mot høyring.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Øygarden kommune