
Kvart år leggjast om lag 500 barn inn på sjukehus grunna influensa. Barn i risikogrupper leggast inn på sjukehus grunna alvorleg influensa fire gongar oftare enn friske barn.
Barn i risikogruppe tilrådast difor influensavaksine årleg frå 6 månaders alder, då vaksine er det tiltaket som førebyggjer influensa og følgjene av sjukdomen best.
Barn i risikogruppe
- Kronisk lungesjuke med nedsett lungefunksjon inkludert astma
- Hjartesjuke
- Diabetes
- Lever- eller nyresvikt
- Kronisk nevrologisk sjukdom, særskild dersom funksjonsnivå, lungekapasitet og/eller hostekraft er nedsett. Til dømes Cerebral parese
- Nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling (organtransplanterte, kreft, autoimmune sjukdomar)
- Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (til dømes medfødde kromosomavvik, genetisk sjukdom)
- Prematurt fødde barn, særskild barn som er født før veke 32 av svanger skapet, frå 6 månaders alder (frå fødsel) og opp til 5 år
- Svært alvorleg fedme, KMI over 40
I tillegg til desse gruppene vert det tilrådd vaksine til dei som bur samen med – eller er tilsvarande nære – immunsupprimerte barn. Sjølv om denne gruppa er tilrådd vaksine, er den ikkje inkludert i vaksenvaksinasjonsprogrammet. Det betyr at friske personar under 65 år som kjem i denne kategorien må ta influensavaksine på apotek. Barn under 12 år som ikkje sjølv er i risikogruppa, men ynskjer vaksine for å verne andre må gjere avtale med fastlegen sin.
Vaksinetypar
Det er to typar influensavaksine som er godkjende for barn:
- Nasespray vaksine: Fluenz Tetra er ei levande svekt vaksine godkjend for aldersgruppa 2-17 år. Denne skal ikkje nyttast av barn med alvorleg astma, aktiv pustevanske, immunsvikt, dersom barnet har nær kontakt med nokon som har sterkt svekka immunforsvar, eller open nase-gane spalte. Denne vaksinen inneheld gelatin frå gris. Vaksinen gjevast som nesespray og er berre tilgjengeleg på helsestasjonane
- Ordinær influensavaksine, «sprøytevaksine». Denne er godkjend frå 6 månaders alder.
Ingen av vaksinane skal gjevast ved kjend allergi mot innhaldet i vaksinen
Dosar
Barn under 9 år som ikkje er vaksinert mot influensa tidlegare bør få to dosar med eit intervall på minst 4 veker, uavhengig av vaksinetype. Alle andre skal ha ei dose
Biverknader
- Sprøytevaksine kan gje ømheit, raudne og hevelse på innstikkstaden, samt feber, lett sjukdomskjensle og muskelsmerter. Allergiske reaksjonar, eller andre alvorlege biverknader førekjem svært sjeldan
- Nasesprayvaksine kan gje tett eller rennande nase, samt i nokre tilfelle hovudverk, lett sjukdomskjensle, feber eller muskelsmerter.
Ingen av vaksinane kan gje influensasjukdom.
Kvar kan barnet få vaksine?
- Fastlege – vaksinen kostar 301 kr
- Helsestasjonen – her vert vaksinen gratis. Merk at det ikkje vil vere anledning til å diskutere med helsepersonell på helsestasjonen om ditt barn er i risikogruppa eller ikkje. Er du usikker på om barnet ditt bør vaksinerast ta kontakt med fastlegen for avklaring og samtale kring dette før du eventuelt kjem på helsestasjonen for å få vaksinen. Ein lyt kontakte helsestasjonen på førehand for å lage ein avtale om tid.
Når er vaksinen tilgjengeleg?
- Nasespray vaksinen er tilgjengeleg ila veke 44
- Ordinær sprøyte vaksine er tilgjengeleg frå veke 42
Samtykkeskjema
Influensavaksinen er ei vaksine som er utanfor barnevaksinasjonsprogrammet, dei som ikkje har fylt 16 år må difor har samtykke frå begge føresette før ein kan setje vaksinen. Begge føresette vil få tilsendt samtykkeskjema digitalt på Helsenorge når ein bestiller time på helsestasjonen. Ein finn også samtykkeskjema som kan skrivast ut og signerast for hand her. Samtykket må vere signert før oppmøte til time.
Meir informasjon
Ønskjer de meir informasjon sjå Influensavaksine - Helsenorge, eller Influensavaksine – håndbok for befolkningen - FHI