Vil auka kunnskapen om førebygging av utanforskap og radikalisering

Mentornettverket i Øygarden kommune arrangerte den 20. oktober fagdag om utanforskap og radikalisering. Målet med fagdagen var å auka kunnskapen på feltet for dei som jobbar med barn, ungdom og vaksne. 

Frå gruppearbeid på fagdagen. - Klikk for stort bileteFrå gruppearbeid på fagdagen.

Mentornettverket er eit knippe tilsette frå kommunen som er kursa i førebyggjande arbeid mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Dette skjer i samarbeid med RVTS Vest (RVTS: Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførerebygging).

Dei møtest annakvar månad for å diskutera sakar i kommunen, mens dei den siste tida har jobba mest med organisering av denne fagdagen.  

Dagen vart innleia av Monica Johannesen Mørk, barne- og familiesjef i Øygarden kommune. Ho losa alle gjennom dagen som konferansier.   

Mentornettverket introduserte seg sjølv og jobben dei gjer, avløyst av ekspertar på radikalisering frå Vest politidistrikt: Pål Tore Haga og Kaveh Mokri Roshanfekr. Dei  presenterte mellom anna politiet sitt arbeid, nye fenomen om nettsamfunn som framelskar ekstrem vald, og la til slutt vekt på viktigheita med samhandling på tvers av instansar. Om utanforskap seier Kaveh til dømes at "lediggang skapar ugagn".  

Frå fagdagen. - Klikk for stort bilete

Anniken Nedrebø Hope, mentor og prosjektleiar frå Utekontakten i Bergen, ga salen eit solid kunnskapsløft med sin presentasjon om korleis valdeleg ekstremisme og rekruttering til negative miljø ser ut på Tik Tok. Deltakarane lærte mellom anna kva ein kan sjå etter av symbol, emojies og tekst i videoar og bildar på nett - ofte kalt "dog whistling".  

Gro Berge, psykologspesialist frå kommunepsykologane i Øygarden kommune, snakka om behovet mennesket har for tilhøyrsle, og om sårbarheitsfaktorar og utanforskap. I tillegg kunne ho visa til statistikk frå kommunen over barnefattigdom, barn og unge som ikkje deltek i fritidsaktivitetar, og anna relevant informasjon knytt til årsaker til utanforskap.  

Barn- og familiesjefen viste til handlingsplanen i Øygarden kommune, og Charlotte Vågenes Feste frå mentornettverket presenterte tiltakskort for tilsette, med nødvendig kontaktinformasjon ved bekymring for radikalisering. 

Heilt til slutt kunne Yngve Berland, mentor og DUE-koordinator i Bergen kommune, fortelja om TOT (Tverretatleg operativt team) og mentorordninga i Bergen. Han fortalte korleis dei er organiserte i deira kommune, med avsette timar til mentorarbeid. Han skildra korleis mentorane jobbar med avradikalisering, og kor viktig dette arbeidet er.

Fleire bilete:

Frå fagdagen - Klikk for stort bilete
Monica Johannesen Mørk - Klikk for stort bilete
Frå fagdagen - Klikk for stort bilete

Tekst: Annlaug Trellevik
Foto: Vigleik Brekke