Målet med arbeidsveka var å gje deltakarane ein rask veg inn i arbeidslivet, og samstundes gje arbeidsgjevarar høve til å bli kjende med potensielle arbeidstakarar.
– Arbeidsveka kan opna dører både for deltakarane og for arbeidsgjevarane, seier programrådgjevar Karin Bøe-Hansen.
I løpet av veka var nær 50 deltakarar i språk- og arbeidspraksis ved 38 arbeidsplassar, både i privat og kommunal sektor.
– Vi er svært takksame for at så mange arbeidsplassar har teke imot deltakarane våre, seier programrådgjevar Matthew Simpson.
– Vi veit at mange av deltakarane har mykje å bidra med i arbeidslivet. Dei treng berre litt hjelp til å ta det første steget.
Karin Bøe-Hansen rosar også næringslivet i kommunen.
– Bedriftene og verksemdene i kommunen har vore heilt fantastiske til å stilla opp.
Før arbeidsveka prøvde programrådgjevarane å finna gode samsvar mellom erfaringane, interessene og eigenskapane til deltakarane og behova ved dei ulike arbeidsplassane. Tilbakemeldingane frå både deltakarar og arbeidsgjevarar har vore svært gode.
Volodymyr (23) hadde praksis hos XXL på Sartor Storsenter.
– Jobben handlar i stor grad om å kommunisera med menneske. På ei veke i praksis har eg lært meir enn på ein månad på skulen, seier han.

Butikksjef Laila Bøe er samd:
– Dette fungerte veldig bra. Vi ser at Volodymyr kan bli ein god ressurs for oss når norsken kjem meir på plass.
Oksana (48) hadde praksis hos Sabrura Sticks & Sushi.
– Det beste var det gode arbeidsmiljøet, dei hyggelege kollegaene og å få prøva meg på spanande arbeidsoppgåver, fortel ho.
Programrådgjevar Karin Bøe-Hansen er glad for tilbakemeldingane.
– Det er flott at det første møtet deltakarane får med norsk arbeidsliv, er så positivt. Vi ser fram til å gjenta suksessen i vinterferien 2027.
Arbeidsplassen din kan også ta imot deltakarar frå introduksjonsprogrammet, enten i ei arbeidsveke eller i praksis på andre tidspunkt. Ta gjerne kontakt med programrådgjevarane i programmet. Du finn kontaktinformasjonen deira ved å trykkja her: Kan arbeidsplassen din opne dørene til arbeidslivet for ein flyktning? - Lærings- og integreringssenter