Korleis vert bussrutene når Sotrasambandet er ferdig?

Skyss har no utarbeidd forslag til nytt kollektivtilbod etter opning av riksveg 555 Sotrasambandet. Dei reisande vil merka størst endringar på Litlesotra. No kan du gje innspel til Ruteplan vest (sjå lenkje nedanfor).

Skisse over forslag til linjenett etter opning av Sotrasambandet (steg 1). - Klikk for stort bileteSkisse over forslag til linjenett etter opning av Sotrasambandet (steg 1).

Det nye sambandet vil gje raskare reiser og meir føreseielege kollektivreiser. Skyss har delt inn framlegget til nytt rutetilbod i to steg.

Steg 1 tilpassar dagens rutetilbod til det nye vegsambandet og dei kollektivterminalane som er tilgjengelege frå opninga. Rutetilbodet vert sett i verk i samband med opninga av hovudsambandet. Dette vil venteleg skje etter 2027. Desse tiltaka er kostnadsrekna til 20 millionar kroner åreleg..

Steg 2 er ei mogleg vidareutvikling og oppgradering av tilbodet med nye reisesamband i vestkorridoren og høgare frekvens. Dette vil kosta mellom åtte og 20 millionar kroner i året. 

Hovudgrepa i steg 1 er at lokale linjer vert kopla på hovudlinjene i Skogsskiftet, Ågotnes, Straume og nye Storavatnet terminal. Der vegnettet gir vesentlege reisetidsfordelar, til dømes i Kolltveittunnelen, vert det lagt inn ekspressavgangar i rushtida.

Det er på Litlesotra og i Bergen vest dei reisande vil merka dei største endringane i det nye rutetilbodet. Bustadområda Hjelteryggen og Brattholmen vert kopla både til Straume og nye Storavatnet terminal langs dagens Sotrabru.

På vestsida i Øygarden er det føreslått ei oppsplitting av dagens rutestruktur ved Skålevik.

Her er dei viktigaste forslaga til endring på enkeltruter. (PDF, 82 kB)

Les heile dokumentet om nye ruteopplegg her. (PDF, 2 MB)

Her kan du gje innspel til framlegget til ruteplan.  Frist for å koma med innspel er 6. november.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Skisse: Skyss