
Frå 37,5 millionar i minus til 64,1 millionar i pluss
Rekneskapen for Øygarden kommune i 2025 viser eit positivt netto driftsresultat på 64,1 millionar kroner. Dette er det beste resultatet sidan den nye kommune vart etablert i 2020.
- Resultatet gjer at vi står sterkare rusta for framtida og dei omstillingane som må gjerast som følgje av endringane i befolkningsstrukturen, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Les meir.
Inviterer til internasjonal badmintonfest i Sotra Arena
- Eg opplever stor entusiasme frå folk her lokalt som vil skapa noko stort. Det seier generalsekretær i Norges Badmintonforbund, Marius H. Johannessen, etter at han denne veka møtte Sotra Badminton Club og leiinga i kommunen i forkant av U15 EM i oktober. I tida 7. til 10. oktober er Sotra Arena bokstaveleg talt arena for 13-14 år gamle ungdomar frå heile Europa i U15 EM i badminton.
Les meir.
Fugleinfluensa er påvist i regionen
Mattilsynet har påvist fugleinfluensa hjå fleire svaner og andefuglar i Bergen og Øygarden. Fugleinfluensa kan i sjeldne tilfelle smitta til menneske. Difor må ein ta førehandsreglar.
Les meir.
Drøfta ny renovasjonsordning
Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) drøfta på møtet onsdag den nye ordninga med vektbasert renovasjon. Rådet ønskjer å vita om det er mogleg å søkja om fritak/reduksjon av renovasjonsgebyr på grunn av nødvendig medisinsk utstyr. Rådet spør også om det er mogleg å levera slikt ustyr gratis i tillegg til dei gratisleveringane ein allereie har.
Les meir.
Sveisar elevane saman
- Så lenge vi har kvarandre, klarer vi framtida óg, proklamerte Emine Kleppestø Thorbjørnsen i rolla som Sandy i musikalen Grease på Øygarden ungdomsskule tysdag kveld.
Den replikken var det nok mange som fekk med seg etter at publikum hadde gledd seg stort over 49 dyktige og engasjerte 10.-klassingar i den ein og ein halv time lange framsyninga med song, musikk, dans og drama.
Les meir.
Podkastepisode 22: Dei brenn for seniorar, barn og unge
I denne episoden av podkasten Rådhuset har kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, invitert to personar som brukar mykje av fritida si på andre. Gjester er Berit Anita Knudtsen Larsen og Helge Nilsen.
Les meir.
Orienterte om prosjektet «Møteplass av og for ungdom»
På møtet 17. februar fekk ungdomsrådet ei oppdatering frå Alva Betine Kilvik, Rebekka Kvaal og Susanne Berg om prosjektet «Møteplass av og for ungdom». Dei tre fortalde at arbeidet no er inne i ein fase der prosjektgruppa planlegg eit større mobiliseringsmøte for ungdom i Øygarden.
Les meir.
- Kontordagane var vellukka
Nestleiar i kommuneplanutvalet, Beate Bjelland (H) roste dei tilsette for opplegget med kontordagar for innspel til arealdelen til kommuneplanen då utvalet var samla til møte på måndag.
- Tilbakemeldingane var svært positive frå dei som møtte opp, sa Bjelland. Tidlegare i februar var det invitert til kontordag på innbyggartorga og biblioteka i Skogsskiftet, Straume og Rong.
Les meir.
Tovegstrafikk i Bildøyvegen
I samband med arbeid langs Bildøybakken, vert det mogleg å køyra ut på riksveg 555 frå Bildøyvegen mot aust. Fram til no har det vore mogleg å køyra inn på Bildøyvegen frå riksvegen, men ikkje mogleg å køyra inn på riksvegen frå Bildøyvegen. No vert det altså lov å køyra ut frå Bildøyvegen i retning Bergen/Straume.
Les meir.
Ønskjer pilotprosjekt om rolla til dei frivillige og pårørandeskule
Eldrerådet ønskjer at det vert gjennomført eit pilotprosjekt om rolla til dei frivillige i eldreomsorga knytt til ein av sjukeheimane. Rådet ønskjer også eit piloprosjekt om etablering av pårørandeskule i samarbeid med Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet.
Les meir.
Invitasjon til å vera medarrangør i ferietilbod til barn og unge
Øygarden kommune søkjer etter lokale aktørar som vil tilby aktivitetar til barn og unge i sommarferien 2026 (veke 26-27) - i tillegg til andre feriar i skuleåret 2026/2027.
Les meir.
Vinterferieaktivitetar for barn og unge
Øygarden kommune tilbyr aktivitetar for barn og unge i vinterferieveka (23. - 27. februar). Aktivitetane er sponsa av tilskotsmidlar frå Bufdir.
Les meir.
Stort engasjement på innbyggjarmøte
Nærare 25 personar hadde funne vegen til innbyggartorget og biblioteket i Skogsskiftet på torsdag då kommunen inviterte til dialog om kommunedelsenteret som møteplass.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (08)
- 16.02.: Interne møte
Besøk på Kvednatunet - 17.02.: Dialog om HealthFjords
- 18.02.: Møte SEA Cargo
Møte med Tertnes Holdnig - 19.02.: Dialog om EM U15 badminton
Møte i Forsvarsforum
Besøk ny robustbustad
Møte på innbyggartorg og bibliotek i Skogskiftet
Revy Øygarden ungdomsskule - 20.02.: Besøk framtidshavet
Ordføraren neste veke (09)
- 23.02.: Interne møte
Besøk Øygarden lokalmedisinske senter - 24.02.: Status barnevernet
- 26.02.: Eigarmøte Øygarden bustadforvaltning KF
Møte om Safe Choice - 27.02.: AU Høgre
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (08)
- 16.02.: Interne møte
- 17.02.: Planlegging administrasjonsutvalet
Ungdomsrådet - 18.02.: Råd for personar med funksjonsnedsetjing
Årsmøte mållaget - 19.02.: Eldrerådet
Styremøte Bymuseet - 20.02.: Vigsel
- 21.02.: Vigslar