Kommunedirektør rosar dei tilsette for å ha bidrege til ein økonomisk snuoperasjon.I 2025 vart det budsjettert med 46,3 millionar kroner i netto driftsresultat.
Med eit resultat på 37,5 millionar kroner i minus i 2024 og ein solid pluss i 2025, er resultatet betra med over 100 millionar kroner i løpet av det siste året.
Tiltak i kommunalsjefområda gjev resultat
Kommunalsjefområda går samla med 15 millionar i minus. Dette er ei kraftig forbetring av drifta frå 70 millionar i minus i 2024.
- Eg takkar leiarar og dei andre tilsette som har bidratt til denne snuoperasjonen. Det har vore jobba målretta og godt på alle område. Måten einingane har følgd opp tøffe og krevjande innsparingstiltak gjer meg stolt, seier Johnny Breivik.
Han seier at med dette resultatet er kommunen i rute til å handtera meirutgiftene dei neste åra som følgje av bygging av nye skular, ny sjukeheim og ei kraftig opptrapping av helse og omsorgstenesta.
Skatt og rammetilskot frå staten
Brutto skatteinngang for kommunen vert påverka av nasjonale skattereglar, lønsnivå, næringssamansetnad og sysselsetting. Skatteinngangen for kommunane i Noreg enda i 2025 på totalt 236,5 milliardar kroner. Dette er om lag 23,1 milliardar kroner (10,8 prosent) høgare enn i 2024 og 2,2 milliardar kroner høgare det som låg til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2025.
For Øygarden kommune er skatteinntekter og rammetilskot i 2025 om lag 44 millionar kroner betre enn budsjettert.
Disposisjonsfondet aukar
I budsjettet vedtok kommunestyret å setja av 46,3 millionar til disposisjonsfondet. Som følgje av auka finansinntekter, er fondet no styrkt ytterlegare, frå 68 millionar kroner i 2024 til 135 millionar kroner i 2025.
- Disposisjonsfondet er ein viktig økonomisk buffer for kommunen. Det at fondet aukar, gjer at vi står sterkare til å dekka uføresette utgifter i framtida, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Rekneskapen vert sendt til revisjon i dag (20. februar). Årsmeldinga vil innehalda ein analyse av tala.