Fugleinfluensa er påvist i regionen

Mattilsynet har påvist fugleinfluensa hjå fleire svaner og andefuglar i Bergen og Øygarden. Fugleinfluensa kan i sjeldne tilfelle smitta til menneske. Difor må ein ta førehandsreglar. 

Symjande svane - Klikk for stort bileteDet er påvist fugleinfluensa hjå fleire svaner og andefuglar i området vårt. Kjell Andersland

Her er råd om kva du bør gjere dersom du finn sjuke eller døde fuglar. 

Ved funn av sjuk eller død fugl

Dersom du finn sjuke eller døde fuglar, bør du la dei vera i fred. Ikkje ta på fuglane. 

Meld frå til mattilsynet, meldeskjema finn du her.

Slik handterer du døde fuglar som kan vera smitta

Om du skulle koma over fuglar som kan vera smitta og må flyttast, har mattilsynet utarbeidd følgjande smittevernråd: 

  • Nytt eingongshanskar og munnbind.
  • Vask hender godt med såpe og vatn etter kontakt med fugl, avføring frå fugl eller utstyr som har vore i kontakt med fugl.
  • Kontakt lege om du utviklar influensaliknande sjukdom etter å ha vore i kontakt med fugl.
  • Hald kjæledyr unna sjuke og døde fuglar.


Du kan lesa meir her Fugleinfluensa | Mattilsynet 

Her er spørsmål og svar om fugleinfluensa | Mattilsynet