Orienterte om prosjektet «Møteplass av og for ungdom»

På møtet 17. februar fekk ungdomsrådet ei oppdatering frå Alva Betine Kilvik,  Rebekka Kvaal og Susanne Berg om prosjektet «Møteplass av og for ungdom». Dei tre fortalde at arbeidet no er inne i ein fase der prosjektgruppa planlegg eit større mobiliseringsmøte for ungdom i Øygarden.

Frå presentasjonen av prosjektet "Møteplass av og for ungdom" - Klikk for stort bileteFrå presentasjonen av prosjektet "Møteplass av og for ungdom"

Prosjektet nyttar ABCD-metodikk (Asset Based Community Development), ei tilnærming som tek utgangspunkt i ressursane som allereie finst i eit lokalsamfunn – som talent, interesser, møteplassar, initiativ og engasjement. I staden for å fokusera på kva som manglar, handlar ABCD om å løfta fram styrkar og knyta saman menneske og eldsjeler som kan skapa nytt innhald og aktivitetar saman.

– Poenget er at vi unge må seia noko om kva vi ønskjer, og kva vi kan bidra med, understreka ungdomane.

Prosjektleiar Eli Fosso orienterte vidare om korleis arbeidet med å planleggja mobiliseringsmøtet går føre seg. Etter orienteringa fekk ungdomsrådet jobba konkret med korleis dei sjølve kan gjera prosjektet kjent, rekruttera fleire ungdomar og motivera til deltaking i det vidare arbeidet.

Deltek på fylkessamling

Ungdomsrådet valde Guro Vik og Oliver Jåstad som delegatar til fylkesting for ungdom. Tinget skal samlast 14. – 16. mars. Fylkestinget skal arbeida med å ivareta interessene og samfunnsengasjementet hjå ungdom i Vestland.

Leiar i Øygarden ungdomsråd, Alva Betine Kilvik, har vore med på fylkestinget for ungdom tre år på rad. Ho sa at på ei samling som dette vert det gjeve opplæring i debatt og høve til å koma med innspel til planprogram.

Handlingsprogram

Rådet drøfta kort handlingsprogrammet for 2026-2027. Aktuelle tema ungdomsrådet vil arbeida med er mellom anna tilbodet om kollektivtransport, sommarjobb for ungdom og krav til arkitektur ved utbyggingar. Ungdomsrådet vil følgja opp handlingsprogrammet seinare.  

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 

Tekst: Elin Helland-Jooste og Vigleik Brekke
Foto: Elin Helland-Jooste