Frå kontordagen for næringslivet på innbyggartorget og biblioteket på Straume. Frå venstre Beate Bjelland (nestleiar i kommuneplanutvalet), Svein Otto Jacobseen (leiar i kommuneplanutvalet) og Børge Haugetun (leiar i plan- og miljøutvalet).Tidlegare i februar var det invitert til kontordag på innbyggartorga og biblioteka i Skogsskiftet, Straume og Rong. I tillegg vart det invitert til ein kontordag særleg retta mot næringslivet.
- Dette var eit enkelt og ryddig opplegg. Folk takka for god hjelp sjølv om dei nødvendigvis ikkje fekk det slik som dei ønskte. Dei gjekk ut med eit smil om munnen, sa Beate Bjelland.
Også utvalsleiar Svein Otto Jacobsen (Frp) takka for jobben med kontordagane.
- Medarbeidarane på innbyggartorga og biblioteka fått innføring i korleis dei kan hjelpa folk med å senda inn innspel til arealdelen til kommuneplanen elektronisk, sa Jacobsen.
Samfunnsplanleggjar Lisbeth Selstø sa at innspela som er komne inn handlar om vidareutvikling av eigne bustadtomter, men også fleire større utbyggingar av bustadfelt og fritidsbustader.
- Ein del er også knytt til næring, då først og fremst attåtnæring til landbruket, turisme og reiseliv. Ein god del av innspela handlar om å vidareføra gjeldande arealformål, eller tilpassa arealformål til eksisterande bruk, sa ho.
Arbeidet vidare
I det vidare arbeidet vert det vurdert kva arealformål frå gjeldande planar ein skal ta med vidare. Det skal ryddast i arealformåla slik at det passar med den utviklinga kommunen ønskjer. Det skal også takast stilling til kvar ein skal ha nye eller andre typar arealformål enn i dag. Det skal også ryddast opp i feil og manglar.
I skrivande stund er det kome inn 471 innspel til arealdelen til kommuneplanen. Ved hjelp av strategiane skal administrasjonen grovsila arealinnspela. Strategiane er også eit viktig grunnlag for planvask. Basert på treff på strategiane vurderer og tilrår administrasjonen om arealformål eller reguleringsplan skal vidareførast, reduserast eller takast ut/opphevast.
Det skal også arbeidast med føresegner og temakart. Dette arbeidet heng tett saman med val av arealformål og planvask. Signal og tilbakemeldingar på kva ein skal oppnå gjennom føresegnene, vil vera viktige for den politiske retninga på planen.
Eit viktig verktøy er kartet som ligg på nettsida til Øygarden kommune. Der er det mogleg å klikka seg inn på dei enkelte innspela som er komne inn.
Les meir om arealdelen til kommuneplanen her.
Her kan du gje arealinnspel til kommuneplanen.
Tekst og foto: Vigleik Brekke