Inviterer til internasjonal badmintonfest i Sotra Arena

- Eg opplever stor entusiasme frå folk her lokalt som vil skapa noko stort. Det seier generalsekretær i Norges Badmintonforbund, Marius H. Johannessen, etter at han denne veka møtte Sotra Badminton Club og leiinga i kommunen i forkant av U15 EM i oktober.

Frå venstre; Hans Jarle Einarsen, Marius H. Johannessen og Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteFrå venstre; Hans Jarle Einarsen, Marius H. Johannessen og Tom Georg Indrevik

I tida 7. til 10. oktober er Sotra Arena bokstaveleg talt arena for 13-14 år gamle ungdomar frå heile Europa i U15 EM i badminton. Vi må tilbake til 1998 for å finna ein slik meisterskap i Noreg. Etter møtet med dei lokale badmintonentusiastane med Hans Jarle Einarsen i spissen er Marius H. Johannessen ikkje i tvil.

- Dette er rette staden for europameisterskapen. Eg har møtt positive menneske som vil bidra til at dette vert ein fest. Målet vårt er å skapa minne som varer livet ut for spelarar, publikum og frivillige, seier generalsekretæren.

Torsdag føremiddag møtte generalsekretæren og Hans Jarle Einarsen ordføraren og gav informasjon om det internasjonale arrangementet. Både badmintonmiljøet og kommunen ønskjer å få til eit godt samarbeid.

- Vi er kjempestolte over at EM vert lagt til Øygarden. Badmintonmiljøet er stort i Øygarden, og det er imponerande kva Sotra Badminton Club har utvikla seg til. Med Sotra Arena som ramme, ligg alt til rette for eit arrangement vi vil hugsa lenge. Med eit godt samarbeid vert dette ein stor bonus for både badmintonmiljøet og lokalsamfunnet elles, seier ordføraren.

35 nasjonar

I turneringa skal 12 ungdomar frå Noreg konkurrera med om lag 250 ungdomar frå 35 nasjonar i Europa. På eit slikt arrangement som dette reiser deltakarane gjerne saman med familien. Difor vert det gjerne opp mot tusen internasjonale gjester i Øygarden i haustferieveka i oktober. Det vert stort behov for overnattingsplassar. 

Hans Jarle Einarsen, som er styremedlem i den lokale badmintonklubben og leiar i Badmintonkretsen Vest, seier at det vert lagt eit eige dekke i hallen der all oppmerking er knytt til badminton. Det er gratis inngang for publikum.

- Vi vil også trekkja ut tribunane og leggja til rette for at mange kan koma og oppleva badminton på høgt internasjonalt nivå. Det vil føregå fem-seks kampar samstundes på speleflata. Vi ser fram til å gjennomføra eit arrangement på eit nytt og høgare nivå. Vi må engasjera mange frivillige for å få dette til, seier Hans Jarle Einarsen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke