Ønskjer pilotprosjekt om rolla til dei frivillige og pårørandeskule

Eldrerådet ønskjer at det vert gjennomført eit pilotprosjekt om rolla til dei frivillige i eldreomsorga knytt til ein av sjukeheimane. Rådet ønskjer også eit piloprosjekt om etablering av pårørandeskule i samarbeid med Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet.

Frå møtet i eldrerådet på torsdag - Klikk for stort bileteFrå møtet i eldrerådet på torsdag.

Vedtaket er knytt til saka om samarbeidet med TVEPS (Tverrprofesjonell praksis for studentar frå helse-og sosialfagutdanningane). 

Tidlegare i januar hadde eldrerådet to besøk av to TVEPS-grupper. Studentane presenterte dei reviderte tiltaksplanane sine, og eldrerådet kom med nye innspel. Reviderte tiltaksplanar er overleverte til eldrerådet for vidare arbeid med tema om ivaretaking av pårørande i eldreomsorga og rolla til dei frivillige i eldreomsorga.

Kommunedirektøren skriv i saksutgreiinga at arbeidet frå TVEPS-studentane gjev eit solid fagleg grunnlag for vidare utvikling av både frivillig- og pårørandearbeidet i Øygarden kommune. 

- Temaet er høgst aktuelt i lys av demografiske endringar, press på tenestene og behov for auka fokus på førebygging, aktivitet og brukarorienterte løysingar, heiter det i saka.

Årsmelding

Eldrerådet godkjente årsmeldinga for eldrerådet for 2025 med og tek ho til orientering.
Informasjon om synfaring på Fjell sjukeheim, Øygarden lokalmedisinske senter,  terapibygget, Straume bu- og servicesenter verte teke med i årsmeldinga før ho vert sendt til kommunestyret.

Eldrerådet gjennomførte denne gongen møtet på Sundheimen (19. februar). Før behandlinga av sakene var det omvising og orientering på Hidlamyra og Sundheimen.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke