Danny (Ludvig Landro) og Sandy (Emine Kleppestø Thorbjørnsen) hadde hovudrollene.Den replikken var det nok mange som fekk med seg etter at publikum hadde gledd seg stort over 49 dyktige og engasjerte 10.-klassingar i den ein og ein halv time lange framsyninga med song, musikk, dans og drama.
Dette er 26. gong dei eldste elevane har sett opp musikal. Det heile starta i 1999 og har vore gjennomført kvart år, med unnatak av eitt år under pandemien. Timeplanen vart lagt vekk sist veke. Denne veka er det vanleg undervisning og framsyningar om kvelden frå tysdag til fredag. Det er venta at opp mot 800 personar vil få med seg musikalen i løpet av desse fire kveldane.
Forelsking
Grease er ein musikal frå 1978 med handling frå slutten av 50-talet. Sandy (Emine Kleppestø Thorbjørnsen) og Danny (Ludvig Landro) har hovudrollene som to ungdomar som vert forelska i kvarandre på stranda i sommarferien. Men ting har endra seg når skulen (High Rong) startar etter ferien. Det er ikkje så enkelt for den snille Sandy og «greasaren» Danny med lerjakke å finna ut av det. Men med amerikansk slutt, er alt vel….
GutegjengenVi møter Emine og Ludvig i pausen. Det er stas å ha rollene som Sandy og Danny.
- Eg får vera med på mange scener. Det er krevjande å hugsa alle replikkane, seier Ludvig.
Emine har erfaring frå teater. Ho har fått opplæring på Fyllingsdalen Teater.
- Eg har litt nervar, men det er kjempekjekt å ha denne rolla. Det vanskelegaste er å ikkje le når eg ikkje skal le. Det skjer jo ein del småtabbar undervegs. Då kjem gjerne latteren. Det er mykje dialog, og det gjer det lettare å hugsa replikkane. Med dette prosjektet kjem vi tettare på elevar som vi gjerne ikkje har så mykje med å gjera elles, seier Emine.
Avdelingsleiar Ingrid Algrøy Sæle har vore med på dette i mange år.
- Elevane er veldig flinke, og dei har gledd seg til dette lenge. Dei har stått på og førebudd seg i heile sist veke, inklusive laurdag og sundag.
- Var det så lurt å ha dette midt i OL?
- Elevane har ikkje klaga på dette, men det har vore litt klager frå nokre kollegaer. Men det er til å leva med, ler avdelingsleiaren.

Lærar Remi Heggøy er fersk i dette og måtte stola på erfaringa til Ingrid og dei andre lærarane.
- Eg merka ikkje så mykje til den erfaringa, seier Remi før han raskt tek seg inn igjen og gjev Ingrid og dei andre kollegaene fortent ros for det dei har lært om musikalar opp gjennom åra.
Bandet med Arne-Gunnar Solsvik sytte for at vi fekk musikk av høg kvalitet. I tillegg til dei som stod på scena var mange elevar engasjerte med kulissar, økonomi/PR og kostyme og sminke.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke